I kø for å sikre seg Volda-studentar

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog

- Oppdatert

Innan 20. september må journalistikkstudentane kome med ønske for praksisplass. For Marte Lie er dette eit vanskeleg val.
– Eg var i utgangspunktet sikker på at eg ville til produksjonsselskapet Monster, men etter desse besøka er både NRK og TV2 fristande.

Føler seg spesielle
Sjølv om valet er vanskeleg, synest Lie likevel at det er kjempebra at bedriftene kjem for å presentere seg for studentane.
– Vi føler oss litt ekstra spesielle som går i Volda, som tydelegvis er veldig ettertrakta på jobbmarknaden, seier Lie, som gleder seg til å sjå kvar alle endar opp til slutt.

Leitar etter morgondagens tilsette
Ressursansvarleg Henriette Skådinn og produsent Jan Egil Ådland i Monster var tydlege på at dei kom til Høgskulen for å finne morgondagens tilsette, og at mediestudentane ved Høgskulen i Volda er førstevalet.
– Dei beste mediestudentane kjem frå Volda! Vi er opptekne av å tilsette flinke «innhaldshovuder», altså personar som kan finne gode idear, samt har god praktisk erfaring, sa dei to, som begge har studert mediefag i Volda tidlegare.

Skådinn og Ådland la stor vekt på at Monster som arbeidsplass kan bli samanlikna med eit drivhus, der ein kan starte som ny og uerfaren og få lov til å vokse i jobben.
– Om du har ein god ide til ein produksjon, skal du ikkje sjå vekk i frå at den kan kome på TV, sa dei.    

a8bccb3767c0350e4828e3514b8e608810af2b48
TIDLEGARE STUDENTAR:
Både Jan Egil Ådland og Henriette Skådinn er tidlegare mediestudentar ved Høgskulen i Volda. 

Kan mykje
Journalistikkstudentane i Volda er også attraktive for TV2. Praktikantansvarleg Sigmunn Hebnes var klar på at mediehuset stadig treng fleire dyktige medarbeidarar, og håper difor at fleire frå Volda vil satse på ein karriere i TV2.
– Vi ynskjer å rekruttere Volda-studentar fordi dei kan mykje. Dei har hatt god og relevant internpraksis og kjenner verktøya, fortel Hebnes.

Ver original
TV2 har eit breitt utval av ulike redaksjonar og kunne freistestudentane med både praksisplass i God morgon Norge, TV2 hjelper deg, Nyheitskanalen og Sporten. Dei var likevel tydelege på at for å få ein karriere i TV2 må ein jobbe hardt, og dei oppmoda studentane til å vere kreative.
– Ver original og kom med sjølvstendige tankar. Det er viktig at du stolar på deg sjølv, og bankar gjennom ideane dine, sa sportsredaktør Vegard Jansen Hagen.


f6a9e826fe043dab7164e4a4d7b002d2c7addf4d
GODE ERFARINGAR: Vegard Jansen Hagen. Sigmunn Hebnes, Synnøve Halkjelsvik og Kjetil Frugård i TV2 har gode erfaringar med praktikantar frå Volda.

Treng tilsette med digital kompetanse
NRK tok også turen til Høgskulen for å presentere seg for studentane, og praktikantansvarleg Jorunn Nevstad la ikkje skjul på at Volda-studentane også er ettertrakta i NRK. Distriktsredaktør i Møre og Romsdal, Hallstein Vemøy, har berre positive erfaringar med Volda-studentane, og trakk særskild fram at dei sit inne med ein etterspurt kompetanse.
– De har ein digital kompetanse som mange av våre journalistar manglar, og som vi treng meir av, sa Vemøy som håper studentane vil søke seg til distriktskontora i praksisperioden.

330e6143b139c86ada91910525f4f7f15a8faed2
GLEDER SEG: Praktikantansvarleg Jorunn Nevstad gler seg til å ta i mot dei nye praktikantane til våren.

Les også om denne saka i Sunnmørsposten og på Voldabloggen

Del på