KOM OG SYNG MÅNDAG MORGON

Tekst: Webmaster Volda

Barnehagar, skular og mange andre markerer på denne måten «nynorskstafetten» som vert arrangert i det nasjonale Språkåret 2013. Rektor oppmodar studentar og tilsette ved høgskulen om å ta del ved å møte til allsong i kantina i Berte Kanutte-huset.
Elizabeth Oltedal frå musikkseksjonen vil akkompagnere, og presis kl 0900 skal «Nordmannen» syngjast. 2013 er valt til norsk språkår fordi det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og det er 100 år sidan Det norske teateret kom i gang. Høgskulen kjem tilbake med fleire tilskipingar gjennom året, og no markerer vi starten med å syngje oss friske og glade ein tidleg vintermorgon.
Grip sjansen, og ver med på ei historisk hending, er oppmodinga frå rektor Per Halse.

f7de33ce39bd37ca731558791cbc30443b9ec48f

Ivar Aasen har fått ein sentral plass på rektor Per Halse sitt kontor.


Mellom bakkar og berg utmed havet
heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave
og sett sjølv sine hus opp på deim.

Han såg ut på dei steinute strender,
det var ingen som der hadde bygt.
”Lat oss rydja og byggja oss grender,
og so eiga me rudningen trygt.”

Han såg ut på det bårute havet,
der var ruskut å leggja utpå;
med der leikade fisk nedi kavet,
og den leiken, den ville han sjå.

Fram på vetteren stundom han tenkte:
Gjev eg var i eit varmare land!
Men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.

Og når liene grønka som hagar,
når det laver av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.

Ivar Aasen.

Del på