KONSERT: THE ARMED MAN
Koret og symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda har for tida eit samarbeid med to lokale kor og skal framføre verket The Armed Man: a Mass for Peace av Karl Jenkins, 14. og 15. november.
Det er Ørstakoret og Volda Vokal som skal synge saman med høgskulekoret, og til saman utgjer desse vel hundre songarar. Symfoniorkesteret er utvida med ein stor perkusjonsseksjon ved dette høvet. Ragnhild Engeset er mezzosopran-solist.
Denne fredsmessa blei først framført ved tusenårsskiftet i 2000 for å markere at ein forlet «det mest krigsherja og destruktive århundre i menneske si historie». Jenkins tileigna verket offera i Kosovokonflikten, ein krig som gjorde sterkt inntrykk på han medan han skreiv verket. Sjølv om det er nytta ledd frå den latinske messa som ramme for verket, med bønene Kyrie, Sanctus, Agnus Dei og Benedictus, er det samstundes nytta tekstar frå heilt andre kjelder. Med parallellar til både Britten sittWar Requiem(1963), og Fanshawe sinAfrican Sanctus(1974), fortelThe Armed Manom frykt, smerte og død forårsaka av krigshandlingar gjennom både profane og religiøse tekstar som spenner over tre tusenår. Intensjonen er å vise både at krig rammar alle, uansett religiøst standpunkt, og at vi i dag ser nødvendigheita i å akseptere andre sin rett til å tru det dei sjølv vel—og at det er i dialog at vi kan håpe på å skape eit fundament for fred.
Ekstra spennande er det at dette mektige verket blir framført i Propellhallen kulturarena, som nyleg er tilskipa etter initiativ frå Magnar Åm og Geir Petter Hjorthol. Dette er den store industrihallen som Scana Propulsion no stiller raust til disposisjon for ulike kulturarrangement. Opningskonserten med verketThe Armed Manblir såleis ei sterk og flott oppleving for utøvarane så vel som publikum den 14. og 15. november.