Korleis er det å vere flyktning i Noreg?

Onsdag 7. september kjem tilsette og bebuarar ved Volda Statlege Mottak til HVO for å fortelje om korleis livet er for flyktningar og asylsøkjarar i Noreg.

Korleis er eigentleg kvardagen for ein som ventar på opphaldsløyve, eller for dei som har fått opphald? Dette er noko vi ofte høyrer om i politiske diskusjonar, men som vi samtidig veit veldig lite om.

Denne presentasjonen er ein del av VUC Global Forum ein møteplass for flyktningar med akademisk bakgrunn og høgskulemiljøet. Global Forum vil halde slike møter annakvar onsdag i haustsemesteret. Ein av initiativtakarane, Arne Humberset, er spent på programmet til hausten. «Vi startar neste veke med eit veldig interessant møte om kvardagen for flyktningar og asylsøkjarar i Noreg. Dette burde vere på pensum i mange studieprogram, sidan dei som skal jobbe i skule, barnehage, kommunal sektor og i andre yrkesgrupper kjem til å ha mange kontaktflater opp mot flyktningar og asylsøkjarar i arbeidet sitt

Seinare i haust vil programmet for Global Forum ta for seg dagsaktuelle og universelle tema som den amerikanske valkampen og ytringsfridom. Målsetninga med forumet er at flyktningane skal få ein akademisk input i kvardagen og ei kontaktflate opp mot høgskulen, samtidig som HVO studentar og tilsette kan nytte seg av den ressursen som bebuarane på mottaket utgjer med tanke på deira bakgrunn, erfaring og kunnskapar på svært mange ulike fagområder.

«Vi håper på eit tidspunkt å kunne tilby eit kort innføringskurs i arabisk gjennom Global Forum. Føl oss på Facebook for å sjå framtidig aktivitet i forumet», seier Humberset.

Berte Kanutte vesle auditorium
Onsdag 7.9. 18:00-20:00

Følg Facebook-sidene til VUC Global Forum 

Del på: