Korleis få draumejobben?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

7c06cb685df5468f5ef174480b8dcbe7dd777464

Trine Larsen og Tina Jørgensen gav sine råd til studentane ved PR, kommunikasjon og media


Å SØKE JOBB SOM NYUTDANNA

Når dei vurdere nyutdanna kandidatar ser dei alltid på karakterar, og i enkelte samanhengar ser dei på karakterar heilt tilbake til vidaregåande skule.

─ Karakterar kan vere avgjerande for om ein får jobben, men også andre ting spelar inn. Det er ein fordel å engasjere seg. Trekk fram verv, jobb i studentavisa eller liknande. Det viser at du har interesse for faget og kan samarbeide med andre, seier Jørgensen.

Dei to oppfordrar studentane til å vere aktive, då ein ofte får fleire mogelegheiter enn dersom ein er passiv. Innanfor eit fagområde der stadig meir skjer på nettet er det viktig å vise at ein er tilstade der.

─ Vi leitar på Google og ser på Facebook og sjekkar LinkedIn. Dersom vi ikkje finn deg, lurer vi litt. Ein må jo prøve å feile litt for å kunne vere god i noko, seier Jørgensen.

Larsen seier at nettet også kan brukast som ein utvida CV der ein kan legge ut skuleoppgåver og arbeidsprøver, til dømes på ei statisk heimeside.

SØKNAD OG CV

Målet med jobbsøknaden er å komme på intervju, ikkje å få jobben. Ein må difor prøve å få merksemda til lesaren og finn ein tvist som gjer at dei vil treffe deg., men ikkje fortel alt. I CVen er det viktig at den er oversiktleg og viser dine nøkkelkompetanse. Når det gjeld bruk av bilete i CVen anbefalar Larsen å droppe det.

─ Ein CV blir aldri god av eit bilete, men en CV kan bli dårleg av eit bilete, seier ho.

INTERVJUET

På intervjuet oppfordrar Larsen til å bruke «politikar-strategi».

─ Finn tre styrker ved deg sjølv som du vender tilbake til, og heng knaggane på det som stod i utlysinga og som du har fått vite undervegs. Det er også viktig å tilpasse kle etter bransje og stilling, seier ho.

KVA JOBBAR BØR EG SØKE PÅ?

─ Når ein er nyutdanna er det viktig å hugse at relevant arbeidserfaring også kan vere erfaring frå studietida. Ein må tenke bredt og ikkje vere kresen når det gjeld den første jobben. Det er viktig å vere fleksibel, og kanskje flytte på seg dersom det er mange søkarar på stillingar i det området ein er i, seier Jørgensen.

Jørgensen og Larsen ser eit større behov for generalistar, og kundane etterspør digital kompetanse. Det er stadig fleire jobbar som krev multitasking, og ein ting er sikkert:

─ Det kjem mange spennande jobbar i framtida, seier Jørgensen. 

Del på