Kraftig auke i HVO-studentar til Europa

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

585eb08eb6a2d6039e443a9c43f77b7a
Haagen Dybvad Grøntvedt (nr. to frå høgre på andre rekke) tok haustsemesteret i Berlin.

I skuleåret 2014/15 har 50 studentar ved Høgskulen i Volda valt å reise til eit land i Europa på utveksling, gjennom Erasmus+-programmet. Det er dobbelt så mange som i skuleåret før.

VIKTIG I ARBEIDSMARKNADEN

Med det er HVO den niande største utdanningsinstitusjonen i Noreg på Erasmus+-utveksling, medrekna alle universitet og høgskular.

– Det er veldig gledeleg at studentane vel Europa, og eg håpar trenden held fram. Internasjonal kompetanse vil verte meir og meir viktig i arbeidsmarknaden og det er i Europa at vi finn våre nærmaste handelspartnarar, seier Arne Humberset, som er leiar for Internasjonalt kontor ved HVO.

Ordninga for studentar som utvekslar til Europa, Erasmus+-programmet, gjer at norske studentar ikkje må betale skulepengar og at dei får eit Erasmus-stipend på toppen av støtte frå Lånekassen.

Tidlegare har trenden vore at fleirtalet av studentane har søkt utveksling til USA og Australia, som ikkje er ein del av Erasmus+-programmet. Det har også vore trenden på landsbasis i Noreg, ifølgje tal frå Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU).  No har det snudd ved HVO, og i skuleåret 2014/15 reiser 50 av 90 studentar til universitet i Europa. Humberset har si forklaring på kvifor Europa har vorte så populært.

– Tidlegare har det ikkje vore så enkelt å reise til skular i Europa, fordi det ikkje har vore lett å finne gode engelskspråklege tilbod. Dei siste par åra har det betra seg, og i tillegg har vi lukkast i å etablere partnarskap med universitet i Europa som er attraktive for våre studentar. Eg opplev at studentane ved HVO er bevisste på faglege tilbod og kva dei vel. Dei har ein spesiell grunn for at dei vel den utdanningsinstitusjonen dei gjer.

Her finn du meir om moglegheitene for utveksling som HVO-student.

VELLUKKA I BERLIN

For utveksling til Europa kan studentane velje mellom 92 ulike universitet i 24 land, som HVO har samarbeid med.

– Vi har mange gode avtaleuniversitet i Europa som er godt kvalitetssikra, men samstundes er det ikkje ei målsetning å ha flest mogleg avtalar. Difor er vi no i gang med eit prosjekt for å vurdere alle avtalane våre for å sjå om nokre bør avviklast for å gi plass til nye spanande partnarskap, seier Humberset.

I skuleåret vi er inne i har HVO-studentar reist til om lag halvparten av dei 24 europeiske landa, samstundes som det også har kome utvekslingsstudentar til HVO frå ei rekkje europeiske land. Humberset trekk fram London, Dublin, Brüssel og Berlin som dei mest populære byane å reise til for studentane her i frå.

– Det er positivt at ikkje eit enkelt land stikk av med studentane våre, synest Humberset.

Haagen Dybvad Grøntvedt var i haustsemesteret på utveksling i Berlin. Han angra ikkje på valet sitt.

– Hausten 2014 hadde eg eit meget vellukka utvekslingsopphald ved Hochschule für Medien, Kommunikation und Wirtschaft i Berlin. Eg hadde vore i Berlin ved fleire anledningar tidlegare og hadde god kjennskap til byen, men dette var mi aller første oppleving som utvekslingsstudent, seier Dybvad Grøntvedt, som tek ein bachelor i journalistikk.

Haagen skreiv eit reisebrev frå Berlin. Les det her.

KJEMPEGEVINST

Gjennom Erasmus+-programmet kan studentar også velje å ha praksisdelen av studiet sitt ved HVO i Europa. I skuleåret 2014/2015 har 10 HVO-studentar valt det, og HVO er med det nummer åtte på lista over universitet og høgskular i landet med flest Erasmus-praktikantar.

I mange av studia ved HVO er det lagt opp til ekstern praksis.

– Praksis i Europa med Erasmus-stipend er noko vi heilt klart kan informere betre om, og legge betre til rette for. Det er mange studentar som ikkje er klar over denne moglegheita. For mange kan arbeidserfaring frå utlandet vere ein kjempegevinst, seier Humberset.

Eit godt døme på det er Kristine Kotte-Eriksen, som studerer PR, kommunikasjon og media ved Høgskulen i Volda. Denne våren fekk ho draumen sin oppfylt med ein praksisplass i PR-byrået Lucre i London. 

– London-draumen starta då eg var på utveksling der i 2013. Eg visste at eg måtte tilbake, så då eg skulle søkje praksis fant eg eit byrå i London som kunne ta imot søknader fortløpande, og da tenkte eg at ”eg må jo bare prøve!”

0f2567abcf3be02a2f12a3f13b83623d
Kristine Kotte-Eriksen har vore på utveksling og hatt praksis i London. Foto: Hedvig Tønnesen

Les meir om Kristines praksisopphald i London her.

EI SUKSESSHISTORIE

Når det kjem til tilsetteutveksling gjennom Erasmus er HVO heilt i toppen nasjonalt. I 2014/2015 har 50 tilsette ved HVO motteke Erasmus-stipend, og det er berre Høgskolen i Oslo og Akershus som har eit høgare tal å vise til.

– Det er eit ekstremt høgt tal, som blir lagt merke til. Tilsetteutveksling ved HVO er ei suksesshistorie. Vi har mange gode fagmiljø som ser at det er viktig å ha kontakt med utanlandske institusjonar. Tilsette som reiser ut er med på å kvalitetssikre avtaleuniversiteta for studentar som ynskjer å reise på utveksling. Ofte endar det også opp med at dei tilsette ved HVO vert involvert i faglege prosjekt hjå dei europeiske universiteta, og dei kan til dømes hente inn gjesteforelesarar frå Europa hit til Volda, seier Humberset.

pressefoto

Haagen Dybvad Grøntvedt
Kristine Kotte-Eriksen

Del på