Kreativ, engasjert og student i Volda?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

745a610087dfee6efd60bc7985873c221a8de773

 Vi seier tydeleg ifrå

Over 42 millionar menneske er på flukt, kvinner, menn og barn blir tvangsseld som prostituerte, i krig skjer overgrep mot sivile og 8000 menneske døyr kvar dag av aids, verda er grusomt urettferdig, noko Røde Kors Ungdom ikkje aksepterer. -Ungdom snakkar best med ungdom. Saman set vi fokus på viktige humanitære spørsmål. Når du ser at ditt engasjement påverkar verda rundt deg, så skjønar du at det er verdt det, seier Espen André Breivik, leiar i Volda Røde Kors Ungdom.

Startar studentgruppe

- Er ein mellom 13 og 30 år kan ein vere aktiv i Røde Kors Ungdom. Ungdomsorganisasjonen har lenge hatt lokallag i Volda, men gjennomsnittsalderen vore rundt 16 år. Og det er nettopp difor vi ynskjer å starte eiga gruppe for studentar, fortel Breivik. Alle studentar er difor invitert til eit informasjonsmøte torsdag 11.mars kl.19 på Røde Kors huset.

- Forandra livet mitt

- Eg blei aktiv i Røde Kors som 14-åring, noko som forandra livet mitt. Takke vere Røde Kors Ungdom har eg blitt eit betre menneske, fått mange fantastiske venner frå inn- og utland, fått bruke kreativiteten min, lært mykje og samtidig tatt små steg, men laga djupe spor på vegen mot ei betre verd.

Les meir: www.rodekorsungdom.no

Bli med på infomøtet: http://www.facebook.com/#!/event.php?eid=299999506183

Del på