KREATIV KOMMUNIKASJON

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

dcdfaca9998e93bf9efebcebf57f0595c1f6e13c

Medeigar i NorPR Trond Albert Skjelbred

CASET IDAR VOLLVIK

̶  Ei krise er ein mogelegheit, du kan komme både sterkare og svakare ut av det, opna Trond Albert Skjelbred. Han er medeigar og partner i NorPR, men kanskje best kjent som PR-rådgjevar for Idar Vollvik og har skrive boka «Idar Vollvik om PR. Det kunne ikkje skjedd i virkeligheten».

Idar Vollvik var som kjent eigar av mobilselskapet Chess, som han tente omkring ein milliard kroner på å selje. I 2008 hadde han tapt alle pengane og stod på bar bakke. Trass dette var han IKEA sin frontfigur i 2010 og var med i ein av McDonalds sine reklamefilmar med ein voiceover som seier «for oss som har tapt mye». Skjelbred hevdar at Vollvik ikkje har eit dårleg omdømme, og at mykje av årsaka er at han opplevast av mange som ein askeladd. Han viser menneskeleg svakheit og blir ikkje mindre likt av den grunn.

̶  Dei som har jobba for Vollvik har sagt at han er ein elendig leiar, men ei fantastisk ledestjerne, sa Skjelbred.

Skjelbred peikar på at tradisjonell marknadsføring som annonser er mest nytta i Noreg, men det gjev lite truverd fordi avsendar har høg kontroll over den. Det som derimot er truverdig er ikkje planlagt mdieomtale, for der har avsendar lite kontroll. Som eksempel på medieomtale, riktig nok planlagt, trekk han fram då Akvariet i Bergen fekk ei ny krokodille som fekk namnet Idar.  

 fe4e6f48db3e9528313c4c1c72d9ab2837a5eab6
Dagleg leiar i Trigger Preben Carlsen

ENGASJERANDE KOMMUNIKASJON

Preben Carlsen har studert informasjon og medium ved HVO, og er i dag dagleg leiar og partner i Trigger. Han er ein forkjempar for engasjerande kommunikasjon. Dette er ein aktiv tilnærming som søker å engasjere mottakaren. Realtime og det å vere nyttig blir viktigare, som til dømes Rimi sin middagsplanleggar. Undersøkingar viser at 97 % vidareformidlar bodskap som engasjerer dei til andre.

Trigger står mellom anna bak kampanjen til Stabburet sine kokkeklare supper der Soupnazi frå Seinfeld var frontfigur.

̶  Utfordringa var å gjere suppe engasjerande, for suppe er jo veldig kjedeleg.  Så måtte vi nå småbarnsfamiliar, som var hovudmålgruppa, og nettopp desse som var unge då Seinfeld var på topp, sa Carlsen. 

Med eit budsjett på 500 000 kroner fekk dei Soupnazi Larry Thomas til å la sin første utanlandsreise bli til Noreg.  Konseptet var å opne eit suppekjøkken på Youngstorget i Oslo som han skulle styre.

̶  Vi forventa at folk skulle prøve å provosere han, men det blei ei fyktstemning i køa, sa Carlsen lattermildt.

Trigger var også engasjert då IKEA skulle lansere nettbutikk. Med ein live-streama event på Facebook kalla «Vil du laste ned en sofa frå IKEA?» leia Hallvard Flatland ein quiz som Facebook-fans engasjere seg i for at sofaen, som vart haldt oppe av ei krane, skulle bli lasta lenger ned mot taket.

 671fcd634271b8905c9c859e5db6ef321b1e5a98
Informasjonssjef i DNB Aud-Helen Rasmussen

FRÅ REAKTIV TIL PROAKTIV

Som informasjonssjef i DNB har Aud-Helen Rasmussen vore med på å snu banken frå ein «all time low» etter finanskrisa i 2008 til ein godt likt bank i 2012. Med 5027 avisoppslag i oktober og november 2008, der 5021 var negative, var det store omstillingar som måtte til.  DNB svarte med å gå frå å vere reaktive til å bli proaktive.

̶  Vi skulle gå frå å vere «den store norske banken» til «heile Noregs bank». Kommunikasjonskonseptet blei «Bank fra A til Å». Vi ønska å vere nyskapande, og ikkje ha ein kjedeleg kommunikasjon utad, sa Rasmussen.

DNB har frå 2011 jakta posisjonen som «ungdomsbanken» med produkt som BLU, BSU og SUB. Resultatet er at det er den best likte banken blant unge i 2012.

 a7debf001bbae3f32a593c9a787ea8cfb37456ee
Dagleg leiar i Ren Reklame Nicolai Engesvik

KREATIV KOMMUNIKASJON

Nicolai Engesvik er gründer og dagleg leiar i Ren Reklame, som er den einaste leverandøren av grøn utandørsreklame i Noreg. Dei har som mål å ikkje tilføre noko nytt til miljøet.  

̶  Det er viktig å være kreativ fordi alle ropar høgt. Ren reklame vil bli høyrt, sa Engesvik.

Ved å vaske reklame inn i forurensa og skitne flater, bruke snø, vatn og mose skil dei seg ut i reklamestraumen.

̶ Vi skal være dei snille, og dei sære, sa Engesvik.  

Kommunikasjonsdagen Volda blir årleg arrangert av Kommunikasjonsforeninga sitt studentlag ved Høgskulen i Volda. 

Les om HVO si bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media

Del på