KULTURMINISTEREN INNOM HVO

Kulturminister Hadia Tajik vitja Høgskulen i Volda og Sunnmøre kulturnæringshage.

0f2fe0621ecea048f21ea14b24fdf5943282cf3a
Rektor Per Halse, stortingskandidat Fredric Holen Bjørdal (Ap) og kulturminister Hadia Tajik. 

I samband med feiringa av Ivar Aasen tok Hadia Tajik seg tid til ein kort visitt også på høgskulen. Rektor Per Halse tok imot og fortalde om utdanningstilboda. Statsråden syntest det var interessant å høyre om satsinga på kulturfaga, og ei omvising i medielokala gav god bakgrunn for møtet i kulturnæringshagen etterpå.

Næringshagen har allereie hjelpt mange frå dei kreative studia til å skape seg arbeidsplassar.

Rektor Halse set pris på å få syne fram høgskulen til sentrale politikarar. – Det er viktig at dei veit om oss, og vi minner sjølvsagt om at høgskulen treng ressursar for å halde oppe og vidareutvikle gode tilbod for studentane, seier han.

Del på: