Kunnskap i vekst
Ein inspirerande, ærleg og personleg næringslivskonferanse om menneske og verksemder i regionen som har valt å gå sine eigne vegar. 29. mai i Store auditorium i Berte Kanutte-bygget på Høgskulen i Volda. Konferansen er gratis for studentar.
Volda Næringsforum inviterer til konferanse med hovudinnleiar Torger Reve som er professor ved Institutt for strategi og logistikk ved Handelshøyskolen BI. Han har skrive rapporten ”Et kunnskapsbasert Norge” som fokuserer på kor viktig samhandling, kunnskap, innovasjon og fokusert satsing er. Andre foredragshaldarar er Lene Trude Solheim som er kommunikasjonssjef i Ulstein Group, Ricardo Machado Bjerke som er gründer for Firegrader, Dave King som er gründer for Raindog Studios, Wenche Flølo som er gründer for Farmhouse og Jens Olav Dankertsen som er gründer for Livid Jeans.
For meir detaljar om alle foredragshaldarane og påmelding, sjå kunnskapivekst.no. NB! For studentar som ønskjer å delta gratis må dei registrere seg ved å nytte påmeldingsskjemaet på kunnskapivekst.no, og der fylle inn "student" i feltet "firma"
Program
12:00 | Registrering og enkel servering |
12:30 | Velkommen v/Solveig Midtbø (Adm.banksjef,SpareBank 1 Søre Sunnmøre) og Stefan N. Halck (daglig leiar, Volda Næringsforum) |
12:45 | Torger Reve (Handelshøyskolen BI) |
13:45 | Beinstrekk |
14:00 | Johannes Spilling og Dave King (Raindog Studios) og Richardo M. Bjerke (Firegrader) |
14:40 | Lene Trude Solheim (Ulstein Group) |
15:10 | Matservering og mingling |
16:00 | Underhaldning: Stig Ulv |
16:10 | Wenche Flølo og Gro Flølo (Farmhouse) |
16:50 | Presentasjon av Tiltaksboksen |
17:00 | Beinstrekk |
17:15 | Jens Olav Dankertsen (Livid Jeans) |
17:50 | Vel heim! |
Spørsmål?
Kontakt Stefan Halck | stefan@voldaforum.no | tel. 953 00 397 | http://kunnskapivekst.no/