I kveld spelar studentbandet Fatty Sunroad på NRK p3

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Fatty spelte konsert på den populære undergrunnscenen Vamoose, som skal ha mykje av æra for bergensbølgja som har herja siste tida.

– Der var det stinn brakke, og vi gjorde rett og slett ein heidundrande god konsert, kommenterer sosionomstudent Goksøyr.

– Tre veker seinare ringer eit bergensband, Abbabaklengs, som hadde sett oss spele der og ville gi oss urørtpinnen, fortel han.

Gir pinnen vidare på Urørt

– Urørtpinnen er eit konsept der ukjende band vert spelt på radio – og ein gir då stafettpinnen  vidare til andre band ein har sans for.

– Vi er svært takksame for at Abbabaklengs hugsa oss, og vi har no ein god relasjon til dei med tanke på framtida og potensielt vidare samarbeid. Det er viktig at band samarbeider for å komme seg opp og fram, og Urørt er viktig. da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

– I kveld gir vi pinnen vidare til Buckaduzz, eit Oslo-band vi kjenner frå før, og som vi har veldig trua på!

3f93915c7a5f9fdf55400be6dedb9ec7481e4584

Fatty Sunroad  da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877bbestår av høgskulestudentane, Odd Magne Brautaset (drama), Aleksander Goksøyr (sosionom), Audun Håberg (master nynorsk skriftkultur) , Martin Sørvold og Malin Ørsal (musikk).

Neste gong du får høyre og sjå Fatty Sunroad i Volda er på Laurdagsfesten på Samfunnshuset under Dokfilm-festivalen.da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Animasjonsvideo av voldastudent

Fatty Sunraod har fått laga ein musikkvideo av Arne Åsmund Wormdal, tidlegare animasjonsstudent ved Høgskulen i Volda.

Fatty Sunroad på Facebook da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Fatty på Herøynytt da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Del på