Kvinnelege røyster i 100 år
I 2013 er det 100 år sidan kvinner i Noreg fekk røysterett på lik linje med menn. Laurdag 8. juni, kl. 13-16, markerer Historisk foreining Nordvestlandet og Møre og Romsdal fylkeskommune røysterettsjubiléet ved å arrangere eit seminar som tek føre seg kvinner som samfunnsaktørar i eit historisk perspektiv.
Seminaret er lagt til Aalesunds Museum og vil omfatte to historiefaglege føredrag og ein avsluttande paneldiskusjon.
Inger Marie Okkenhaug, professor i historie ved Høgskulen i Volda (HVO), vil halde eit føredrag om kvinner som aktørar i norsk samfunnsliv på 1900-talet. Ho vil særleg løfte fram kvinner si deltaking i misjonsorganisasjonar som eit viktig aspekt ved utviklinga fram mot likestilling i Noreg.
Historikaren Eivind Hasle vil i sitt innlegg peike på særeigne trekk ved kvinner si deltaking i politisk aktivitet i Møre og Romsdal på 1900-talet. Hasle vil presentere fleire døme på kvinner som har sett spor etter seg i fylket vårt, og han vil óg trekkje linjer fram til dagens situasjon.
Dei to føredraga vil verte etterfølgt av ein paneldiskusjon der ein rettar fokus på utfordringar for kvinner både i dagens politiske røyndom og i framtida. I tillegg til dei to føredragshaldarane vil deltakarar i panelet vere: Eva Vinje Aurdal (leiar i likestillingsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune), Monica Molvær (gruppeleiar for Høgre i kommunestyret i Ålesund) og Elise Marie Stavset (lokallagsleiar i Ålesund og omegn Unge Venstre).
Trudi Henrydotter Eikrem (stipendiat, Høgskulen i Volda) vil vere ordstyrar for paneldiskusjonen.
Det vert høve for publikum til å kome med innspel undervegs i diskusjonen.
Gratis inngang.
Vel møtt!
Program:
13.00 - 13.45: Inger Marie Okkenhaug: Misjon, organisasjon og kvinners arbeid for kvinner i et historisk perspektiv
14.00 – 14.45: Eivind Hasle: Frå stemmerett til likestilling? 100 år med stemmerett for kvinner i Møre og Romsdal.
15.00 – 15.45: Kvinner og politikk – i dag og i framtida.Paneldebatt
Det vert enkel servering med kaffi, kjeks og frukt.
Kontaktpersonar:
Eirik Holmen (leiar i Hifo Nordvestlandet), e-post: eieholmen@gmail.com , tlf 92063137
Harald Krøvel (HVO), e-post: Harald.Krovel@hivolda.no, tlf. 97411496