Ladar opp til eksamen med skitur

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Dei siste dagane har Ingrid vore flittig på lesesalen. Når det nærmar seg eksamen merkar ein presset ekstra godt.  Nokre får eksamensangst medan andre er rolege.
–  Dei siste dagane har vore intense. Eg gruer meg faktisk ikkje men eg har vore nervøs før, og det er ikkje noko kjekt. No er det teori  og eg synest heldigvis at det er interessant. Det gjer lesinga lettare, fortel ho.

2c878e2dee5843ff12b9a1738c58ceaf9af84cbb
Ingrid Børretsen er klar til eksamen i friluftsliv kommande onsdag.

Skitur som motivasjon
Snart reiser Ingrid heim og skal feire jul saman med venner og familie.
–  Det blir godt med juleferie og eg har planar om å stå mykje på ski. Eg har alt vore på Bjorli og Stryn, ein bonus til meg sjølv fordi eg har vore flink og lese til eksamen. Det er viktig for eigen motivasjon, seier ho lurt.

Når ho kjem tilbake til Volda i januar ventar planlegging av vintertur og skredkurs. Deretter skal ho mest sannsynleg vere med på skulebesøk og fortelje om utdanningsvegane ein har i Volda.
– I tillegg håper eg på mange toppturar i Sunnmørsalpane. Når vi kjem tilbake er det mykje spennande i vente. Det første er X2-festivalen der eg er med i styret. Deretter er det dokumentarfilmfestivalen. Eg gler meg, avsluttar ho og sett kursen mot lesesalen.

Del på