"Lær å fly", eit motivarande seminar om kreativitet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

ba632eb45d3c280dcd9ddc616057afc1be038e75
Stig Hjerkinn Haug var torsdag i Volda for å forttelle om praktisk kreativitet og motivasjon.

Stig Hjerkinn Haug kunne gi alle dei frammøtte eit forrykande show om korleis vi menneske vert motiverte, og kva som skal til for å setje nye idear ut i livet.

- Jo fleire folk du tek med deg som du kjenner frå før, jo mindre nytenking blir det då vi veit kva den andre vil seie. Sørg for at det er med folk som har lyst til å skape noe nytt, presiserte Haug.

Haug var flink til å engasjere publikum og var høgt og lågt gjennom heile seminaret. Latteren hang laust i lufta da Haug presenterte det eine eksempelet etter det andre.

- Kreativitet er, ifølge John Kao, emna til å ha to motstridande tankar i hovudet på ein gong, sa Haug.

Ja takk - fleire og betre idear

Haug påpekar at barn er mykje flinkare til å komme med idear enn vokse, som er prega av rutinar.

- Gjev du eit blank ark til eit barn og seier dei kan teikne kva dei vil, får vi sjå glede lyse ut av auga deira. Vaksne må derimot få vite kva dei skal teikne, viss ikkje så står dei bom fast.

Ifølge Haug er kreativitet ein muskel. Den må pleiast og trenas. Ein må den med inn i kvardagen og etter kvart så blir du flinkare.

- Alminnelegheit, vi likar det, det er trygt. Men ein må tørre å leve livet litt på gult lys. Du skal angre til du dør, på det du ikkje gjør, avsluttar Haug til stor juvel og klappsalvar frå de frammøtte.

Del på