Lanserte bok med fokus på kyrkjekampen

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog

- Oppdatert

Boka kjem ut som nr. 18 i serien Kyrkjefag Profil og er skriven av Torleiv Austad (professor emeritus ved Det teologiske Menighetsfakultetet, Universitetet i Oslo), Ottar Berge (amanuensis emeritus ved Høgskulen i Volda) og Jan Ove Ulstein (dosent ved Høgskulen i Volda).  

Boka inneheld tre mellomstore arbeid på vel 80 sider, alle frå krigstida. Alle artiklane har fokus på kyrkjekampen, men på ulike sider ved han. Torleiv Austad undersøkjer korleis kyrkja handterte situasjonen då jødane vart utsette for forfølging, deportasjon og utsletting. Jan Ove Ulstein kartlegg teologien på begge sider og viser korleis han var bestemt av konteksten. Ottar Berge prøver å finne ut av gåta Adold Thunem, Madagaskar-misjonæren som let seg innsette av NS-styret til generalsekretær.

e72d79b5faee1cf15399c19ef6a00f9fa964aac0
SPENNANDE: Jan Ove Ulstein og Ottar Berge synest det har vore eit spennande forskingsprosjekt. (Torleiv Austad var ikkje til stades under lanseringa) 

Dei tre bidraga set søkjelyset på ulike sider ved tilstanden under krigen. Til saman gir dei eit bilete både av kva slags teologi som var i sving i den dramatiske konteksten, gi eit kritisk lys på kva plass jødane fekk i det store biletet, og korleis den kunne skje at ein akta misjonær kunne la seg utnemne til generalsekretær i NMS i 1944.
– Det felles perspektivet er «Dømmekraft i krise?» Spørsmålsteiknet viser både til korleis dømmekraft kan utfaldast i ein krisesituasjon, og om sjølve dømmekrafta var i krise hjå aktørane, sa Jan Ove Ulstein.

Del på