Lanserte nettside om sikkerheit

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

sikres3_630.jpg

Sikresiden.no er ei felles side for universitets- og høgskulesektoren som skal gi brukarvenleg opplæring og rettleiande råd om kva ein skal gjere i ein krisesituasjon og kva ein kan gjere førebyggande.

Det er ein mobiltilpassa nettstad som er spesielt utvikla for studentar og tilsette på universitet og høgskular, mellom anna ved at lokalt nødnummer ved eigen institusjon er lett tilgjengeleg. Informasjonen er på både norsk og engelsk.

Fagpersonar innan ulike fagområde frå universitet og høgskular har saman med Uninett arbeidd i arbeidsgrupper for å lage innhaldet til sikresiden.no. I tillegg har politiet, Helsedirektoratet og andre nasjonale institusjonar bidrege.

Handlingskompetanse

Seniorrådgjevar for informasjonassikkerheit i Uninett, Øyvind Høiem, har vore sentral i utviklinga av sikresiden.no og vil også leie arbeidet med nettstaden framover. Han var glad for at dei fikk nettstaden klar til Nasjonal sikkerheitsmånad no i oktober, etter at dei starta på arbeidet med nettstaden i februar.

Høiem la vekt på alle dei moglegheitene ein gjennom nettstaden har til å vere godt førebudd for å unngå at noko uønskt skal skje eller når det eventuelt skjer.

– Både personleg handlingskompetanse og felles sikkerheitskultur er viktig. Det at alle veit kva ein skal gjere om noko oppstår og at alle har det same tankesettet om korleis ein skal handle i ulike situasjonar.

sikres_620.jpg
Øyvind Høiem frå Uninett (t.v.) har vore sentral i utviklinga av sikresiden.no som er mobiltilpassa, medan Peder Magne Sefland har ansvaret ved Høgskulen i Volda.

Bevisstgjering

Nettstaden inneheld i tillegg til kortfatta og presis informasjon også e-læringsseksjonar (om til dømes pågåande livstruande vald), videoar og nyttige lenker. På dei ulike sidene inne på nettstaden er det også mogleg å legge til lokale tilpassingar, lenker eller dokument for kvar einskild institusjon.

– Vi er så vidt i gang med det og vil halde fram med det i tida framover, seier overingeniør ved IT-kontoret ved Høgskulen i Volda, Peder Magne Sefland, som er høgskulens ansvarlege for nyvinninga.

Personaldirektør Nina Garshol poengterte under møtet at dei lokale tilpassingane for Høgskulen i Volda, vil vere ein minimal del av nettstaden, og at studentar og tilsette finn tilstrekkeleg informasjon om krisesituasjonar på nettstdane allereie.

– Det viktige med sikresiden.no er å gjere folk bevisste og at ein har det som ein pågåande refleksjon – noko som er eit ansvar for oss alle. Eg er veldig godt nøgd med denne løysinga, som er eit godt verktøy for å bygge ein god sikkerheitskultur, seier Garshol.

– Ha den på mobiltelefonen

Garshol får følgje av Sefland:

– Dette viser at Høgskulen i Volda tek sikkerheit på alvor. Vi har eit godt samarbeid om dette i organisasjonen og eg vil oppmode studentar og tilsette til å ha sikresiden.no på mobiltelefonen sin. I tillegg har vi eit godt samarbeid med politiet lokalt, sa Sefland og vende seg seg til lensmann i Ørsta og Volda Guttorm Hagen, som var til stades under møtet.

– Eg har fått ein introduksjon til sikresiden.no og synest det ser svært bra ut. Vi i politiet vil alltid vere til stades for folket sin tryggleik. Men dette er eit god tiltak som viser at vi i samfunnet må skape tryggleik saman, seier Hagen.

Del på