Lokalsamfunnsanalyse i Stranda kommune

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

66cf64fd0ab3d805ec00ef139d010520Bak: Studentar og tilsette ved Institutt for planlegging og administrasjon ved HVO. Framme f.v.: Koordinator  Marte Lindberg, ordførar Jan Ove Tryggestad, næringssjef Inge Bjørdal, rådmann Per Ivar Lied. 

Studentane sette fokus på samanhengar mellom nisje-næringar og turisme, gjeldstyngde og gjennomføring av lovpålagte oppgåver, arbeidsinnvandring, Åkneset og rasproblematikk, oppvekstmiljø og kommunal planlegging og universell utforming.

Møte med kommunen
Måndag 5. mai var studentar inviterte inn i eit ordinært formannskapsmøte. I tillegg til å få innsikt i kvardagsutfordringane kommunen har, fekk studentane også gå i dialog med heile formannskapet.

Tysdag 6. mai vart studentane og tilsette ved høgskulen inviterte av Stranda kommune til seminar om kommunen. Seminaret strekte seg over fire timar og vart arrangert i den flunkande nye ungdomsskulen på Stranda, eit imponerande flott bygg. Seminaret inkluderte også ei solid matykt med produkt frå Stranda sin store næringsmiddelindustri.

Ordførar Jan Ove Tryggestad opna seminaret og introduserte kommunen for tilhøyrarane. Ordføraren skildra snuoperasjonar kommunen har gjennomført og understreka m.a. at i Stranda er næringsmiddelindustrien svært sentral og faktisk større enn turismen. Totalt sett ønskjer 82% av verksemdene i Stranda å ekspandere. Seinare gav også ordføraren eit innblikk i planarbeidet i kommunen. Tema som fjellskredfare og ansvar for ein verdsarv og krav til vern pregar i stor grad mykje av planarbeidet.

På ein innsiktsfull og fengjande måte gav geolog Einar Anda ei innføring i utfordringane kommunen har frå naturen si side når det gjeld fjellskred. Åknes/Tafjord Beredskap vart sett lys på både i eit historisk perspektiv og i eit framtidsperspektiv. Lokalt og regionalt har Åkneset store konsekvensar for det meste som skal planleggjast i denne kommunen og i regionen. Anda skildra også denne utfordringa i ein nasjonal samanheng i og med at beredskapssenteret vakar over urolege fjellmassiv i heile landet.

Næringssjef Inge Bjørdal tok føre seg utfordringar ved sesongbasert næring og sesongbasert busetjing. Gjennom fleire ulike tiltak og prosjekt prøver kommunen å styrke grendene som i stor grad er dominerte av sommarturisme og dei svingingane årstidene gjev. Konsesjonskrav og utfordringar som dei fører med seg, står sentralt her.

Under mottoet «Best når det gjeld» skildra økonomisjef Ståle Anker Ljøen den gjelds-tyngde kommunen sin økonomiske kvardag. Gjennom bruk av ei underfundig form for humor fekk studentane høyre og sjå korleis kommunen, som har den aller største gjeldsbøra i Noreg, sakte, men sikkert kjem seg ut av uføret.

Rådmann Per Ivar Lied delte tankar om kor grunnleggjande det er for kommunen å skape gode styringsnettverk. Dette handlar mykje om kor sentralt det er å spørje seg sjølv som kommune kor flink ein er på dialog; korleis ønskjer kommunen å bli opplevd ute i omverda, og korleis blir kommunen opplevd. At ein har mange aktørar og stort mangfald av slike i kommunen sin, krev dialog og samarbeid. Å ta i vare eldsjeler og få til tillitsbaserte samarbeidsprosjekt gir viktig kompetanse og fører lokalsamfunn vidare.

Etter innlegga fekk studentane god tid til å kome med spørsmål og undringar. Til slutt var konklusjonen at seminaret hadde vore «the best ever» i heile rekkja av slike ved tidlegare lokalsamfunnsanalysar i andre kommunar.

Lokalsamfunnsanalysen
Lokalsamfunnsanalysen er eit årleg fenomen om våren for første året i bachelorutdanninga ved Institutt for planlegging og administrasjon. Kvar vår vert ein ny kommune utvalt. Etter 12-15 år kjem ein attende til same kommunen. Analysen er studentane sin første smak på eit reelt forskingsoppdrag. Lokalsamfunnsanalysen går over tre veker; ei veke til konkret førebuing, ei veke til feltarbeid og ei veke til sluttarbeid. Rapportane frå analysen vert til vanleg boden som ein ressurs for dei aktuelle kommunane i ettertid.

e11d32ec9cdef7783a76f06e92ad0fae2bc1a9666a917a3ab2e896779c776b20

Næringssjef Inge Bjørdal informerer.                                                                              

Rådmann Per Ivar Lied og ordførar Jan Ove Tryggestad oppsummerer seminaret.

8e0aa4a31b8d255c0115b39e3f52a223dbe8cc1ee9afbfb4319c384a4ececd2d

Økonomisjef Ståle Anker Ljøen i aksjon.                      

Koordinator og arrangør Marte Lindberg.

Foto og tekst: Kolbein Halkjelsvik

Del på