Lover temperatur på folkemøtet

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

7d7a7c7bdf9e2bc05f2d3ed6f9a24974dc06739b
Programleiarane Marte Pritzlaff og Andreas Meier Eide førebur seg for å kunne alt før politikarane skal i elden 4. september.

Onsdag 4. september skal sju politiske representantar frå Møre og Romsdal grillas på temaa skule, skatt og samferdsle. Debattantane vil svare på dine spørsmål, i tillegg til dei tre fastsette temaa.

Som ved førre val arrangerer journaliststudentane politisk folkemøte på Rokken. Partia stiller med sine toppkandidatar og vil måtte svare for seg på både dei førehandsbestemte sakane, men må også vere budde på spontane spørsmål frå publikum.

Dei sju skal etter beste evne gje publikum gode svar på om eigedoms- og formueskatt er den rette løysinga for norske kommunar, om den kritiske debatten om skulen berre forverrar status for læraryrket, og kva trasé E39 skal fylgje.

I samarbeid med Sunnmørsposten vil Nærnett videostrømme sendinga direkte på nett. Programleiarar er Marte Pritzlaff og Andreas Meier Eide, som begge kan love temperatur.

– Sjølvsagt. Man kan ikkje vere likegyldig til politikk, det angår oss alle. Me håper politikarane tør by på seg sjølv, seier Eide og Pritzlaff.

Av temaa politikarane skal gjennom trur programleiarane at skule- og samferdslespørsmåla blir dei mest betente. På agendaen står striden om indre eller ytre trasé for ny E39, og om debatten kring kvaliteten i den norske skulen berre gjer vondt verre for læraryrket sitt ry.

– Tradisjonelt brenn folk for skulesakar. Men alt bør engasjere, seier Eide.

Bak seg har dei to eit stort støtteapparat av kollegaer som har grave fram alt dei treng å vite før debatten tar laus klokka 18.

– Me skal stille godt førebudde og med engasjement. Politikarar pratar mykje i munnen på kvarandre, men me skal prøve å halde dei i tøylane som gode ordstyrarar, seier Pritzlaff.

Om du ikkje har høve til å delta på folkemøtet har du moglegheit å stille spørsmål til politikarane undervegs på nernett.no, og Nærnett sine journalistar vil svare deg.

Disse stiller:

  • Frå Arbeiderpartiet stiller Fredric Bjørdal Holen.
  • Frå Krf stiller Rigmor Andersen Eide.
  • Frå Venstre stiller Pål Farstad.
  • Frå Sosialistisk Venstrepart stiller Ingrid Opedal.
  • Frå Framstegspartiet stiller Oskar Grimstad.
  • Frå Høgre stiller Arnulf Goksøyr
  • Frå Senterpartiet stiller Jenny Klinge

Del på