LYST TIL Å SITJE I HØGSKULESTYRET?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

d24994acc20df773e0ce676dec731f35

Leiar i valstyret, Mona-Cesilie Andersen og rektor Per Halse oppmodar alle om å involvere seg i valet. Dei komande dagane vil Andersen  gå rundt i klassene og informere meir om prosessane kring valet.

Som studentrepresentant i Høgskulestyret får du vere med å ytre di meining i viktige saker på høgskulen. Høgskulestyret har om lag sju møter i året og studentrepresentantane blir velt for eit år om gongen.

Høgskulestyret sine oppgåver:
Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir drevet effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir.

Gode grunner til å bli med i høgskulestyret:
– Du får godtgjersle for alle styremøter du er med på
– Du får god erfaring frå styrejobbing på ein viktig institusjon
– Du får eit bra verv å ha på CVen din


Meld interesse di ved å skrive namnet ditt på nominasjonssetelen som ligg i resepsjonen, eller ta kontakt med STiV. Kjenner du nokon andre som du ser for deg kan passe til å sitte i styret? Ikkje nøle med å nominere dei, men ver sikker på at dei sjølve ønskjer eit slik verv.

Frist for nominasjon: 30. april kl. 14.00.
Elektronisk val 27. mai 2015 0001–2359


Mer informasjon om valet finner du på hivolda.no/studentrepresentantar

VIKTIGE DATOAR FOR STUDENTREPRESENTANTSVALET

Nominasjonsperioden vil vere i perioden 23.–30. april kl. 14.00.
Svarfristen for dei nominerte er 7. mai kl. 13.00.
Valkamp for studentrepresentantane frå 11.–13. mai
Elektronisk val 27. mai mellom kl. 00.01–23.59.

Her kan du avgi di stemme.

NOMINASJONSPROSESSEN VARER TIL 30. APRIL KL. 14.00

Studentar kan nominere kandidatar til val i denne perioden. Nominasjonssetelen legg du i urna i resepsjonen Berte Kanutte-huset.

Det skal veljast 2 faste representantar og 2 vararepresentantar. Last ned nominasjonssetel eller hent denne i resepsjonen i Berte Kanutte-huset.

Del på