Lyttar til studentane og gjer endringar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

48af942d0a988070be47ca514fbacb83

Samspel er noko som ikkje har stått på timeplanen til musikkstudentane ved Høgskulen i Volda (HVO) tidlegare. No har det som eit prøveprosjekt for vårsemesteret 2016 vorte obligatorisk for studentane på første og andre året.

– Tilbakemeldingane frå studentane var at samspel var noko dei syntest mangla i undervisninga. Vi har kanskje tatt det for gitt at studentane ordnar med samspel utan at vi på høgskulen organiserer det, seier Svein Hunnes, høgskulelektor ved HVO.

Hentar inn ekspertise

Hunnes legg til at dei har vore innom samspel i ulike emne tidlegare også, men at satsinga som går føre seg no er heilt spesiell.

– Vi har snakka om å få til dette i nokre år. Vi har alltid hatt obligatorisk kor, no byter vi ut det med samspel i dette prøveprosjektet. Det er ikkje det at vi vil koret til livs, for det har vi hatt gode tilbakemeldingar på. Men etter dialog med studentane har vi kome fram til dette.

Opplegget med samspel i musikkutdanninga er lagt opp med tre ulike bolkar i dette semesteret. Den første, som er latin, har dei tatt til på, medan dei to siste er improvisasjon og låtskriving. Kvar bolk startar med ein heil dag som inspirasjon for det vidare arbeidet som studentane driv på med i grupper i om lag tre veker. Etter det skal dei framføre arbeidet sitt som ein konsert.

Perkusjonisten Mike Campins sto for opninga av den første bolken. Under kvar opningsdag verte det henta inn ein musikar med spisskompetanse på det aktuelle temaet for kvar bolk.

– Mike Campins er ein respektert musikar i alle sjangrar. Han er ein kapasitet for musikkmiljøet på Sunnmøre, meiner Hunnes.

Gjevande

Også Erik Vinje, som går andre året på musikk, lét seg begeistre av Campins. Han har tidlegare hatt stort utbytte av kor-undervisninga, men er glad for at samspel har vorte obligatorisk dette semesteret.

– Den første opningsdagen var ganske forfriskande og veldig kjekk. Eg synest det er bra at høgskulen no legg opp til meir samspel. Med det kan dei hjelpe til med å lage ein spelekultur studentane i mellom, seier Vinje.

No er han og gruppa i gang med å øve til den første konserten med temaet latin.

– Det er artig å få prøve noko anna enn rock og blues. No har vi fått ei retning og eit mål frå skulen, som er gjevande. Men dei gir oss også fridom til å arbeide fram produktet sjølve. Det er greitt at vi får lære oss til å ordne opp i alt rundt eit band, som låtval, øvingstid og så klart dei speletekniske tinga.

Vil skape lykkekjensle

Nettopp det med fridom er også ein av tankane bak prosjektet. Hunnes fortel at dei har valt bolkar som er så opne at studentane kan velje den musikksjangeren dei vil.

– Vi håper dette skal vere til inspirasjon. Vi ønskjer at dei skal bruke fasilitetane våre, og då håper vi at det verte litt meir liv i huset her på kveldstid, seier Hunnes.

– Kva faglege vurderingar ligg bak denne endringa?

– Musikk handlar veldig ofte om samspel. Om ein til dømes skal verte lærar eller miljøarbeidar må ein vite kva samspel er. Eg trur det er ein ganske gjengs oppfatning i musikkmiljøet at den opplevinga ein får av å øve og arbeide saman mot ei mål, for så å framføre det framfor andre skaper ei heilt spesiell lykkekjensle. Det er noko eg unner alle å oppleve, svarar den erfarne musikaren Hunnes.

Første konsert vil finne stad i Konsertsalen ved Høgskulen i Volda onsdag 3. februar klokka 19.00. Konserten er gratis og ope for alle.

pressefoto

Musikkstudentar

Del på