– Må skape framtida saman

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

lsr_620.jpgOrdførar i Vanylven kommune, Lena Landsverk Sande og rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen snakka til studentane under semesteropninga 2017.

– Til de som er nye studentar i Volda – og kanskje nye som studentar. Velkomen til Høgskulen i Volda. Her vil de møte opne dører. Gå gjennom dei. Møt nye menneske. Skap ei ny framtid i lag med oss. I lag med dine framtidige medstudentar. Lærarar. Og alle andre som har med høgskulen å gjere, opna rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, med i si helsing under den offisielle opninga av studieåret 2017/18.

Samskaping og viktige meiningar

Rektoren var tydeleg stolt over å kunne seie at meir enn 100 nye internasjonale studentar frå over 30  land no har valt Volda som sin studiestad, og at Høgskulen i Volda har meir enn 200 internasjonale studentar til saman.

– I Volda møtest det lokale, regionale og internasjonale, og du kan gle deg til å få bitar av alt dette – om du vil!  Det er deg sjølv det kjem an på. Det er du som skal skape både di eiga framtid, og dine kjære si framtid. Og alle andre si framtid. Men vi skapar ikkje framtida aleine – vi skaper den i samarbeid med andre. Og her i Volda ønskjer vi at studentar skal få oppleve samskaping – samarbeid i lag med andre. Andre studentar. Lærarar. Og i lag med samfunnet utanfor sjølve høgskulen – der framtidige arbeidsgjevarar, kollegaer, klientar og alle andre har forventningar til samskaping for eit betre samfunn og ei betre framtid, sa Roppen til dei nye studentane.

Hovudtalar for dagen, ordførar i Vanylven kommune og 2. kandidat på fylkeslista til Møre og Romsdal Venstre, Lena Landsverk Sande, var også innom at ein ikkje får til mykje aleine. Samstundes var ho også opptatt av at studentane må stå opp for det dei trur på og meiner.

– Eg meiner at de som er studentar ikkje skal vere redde for å seie meininga dykkar. De skal stå opp for det de trur på, sjølv om det kan sjå ut som om dei fleste fyl ein annan straum. Dine meiningar er viktige, og dine meiningar kan endre verda. Det er difor viktig at du bidreg. Stå opp for det du trur på. Og ha respekt for at du er ein del av eit mangfald. Ha fokus på at vi må gje og ta for å oppnå gode resultat, sa Sande og brukte Karsten Warholm, den ferske verdsmeisteren på 400 meter hekk frå Ulsteinvik som eit døme. Sande peika på at Warholm ikkje var aleine om gullet, men at han var heilt avhengig av mange støttespelarar rundt seg for å oppnå den bragda. I den samanheng oppmoda Sande studentane til å tenke på korleis dei kan vere med på å gjere andre gode.

Behov for Volda-studentar

I fellesskap skal studentane lære ved Høgskulen i Volda. Utdanningane høgskulen tilbyr vil i følgje rektor Roppen vere svært aktuelle i tida framover.

lsr3_620.jpg

– Ein kan spørje kva som er verdien av samfunnsfag og humaniora i verda i dag. Då er vi så heldige at vi har fått hjelp av Donald Trump. Gjennom begrep som Fake news har viktige spørsmål som samfunnsfag og humaniora alltid har vore opptekne av vorte løfta fram på den internasjonale dagsorden. Kva er sant? Kva er usant? Kva kan vi stole på? Kan vi stole på forsking og vitskapleg kunnskap? Kva er i så fall alternativet? På Høgskulen i Volda møter du fag og dugleikar som samfunnskunnskap, kjeldekritikk, mediekunnskap, språkkunnskap. Og du vil bli trena i etisk refleksjon. Til saman vil du få  verktøy – eller kanskje skal vi seie danning – som til saman kan hjelpe til med å orientere deg i verda i dag. Og dette er kritisk  å ta med seg ut i skulen, ut i statleg forvaltning, ut i medie- og kulturlivet. Ut i eit samfunn der kulturell, teknologisk og økonomisk endring er det einaste sikre.

Roppen meiner det er gode utsikter i arbeidsmarknaden for dei som no har valt Volda som sin studiestad.

– Vi veit at i åra som kjem vil vere eit stort behov for folk som er utdanna ved høgskulen i Volda i vår region. For dei fleste av dykk som tek utdanning ved Høgskulen i Volda er dette godt nytt: De kan rekne med å finne interessante og trygge jobbar når dykk er ferdige med utdanninga. Dørene står opne for dykk på arbeidsmarknaden!

Engasjement og relasjonar

Men før den tid står mykje anna lærerikt og moro framfor dei ferske studentane. Hovudtalar Sande byrja sjølv på lærarutdanninga i Volda i 1992, og snakka av erfaring. Det å verte godt kjend med medstudentar den første tida vil bety mykje, meiner Sande:

– Fadderveka, som vi no går inn i, handlar om å bli ein del av eit fellesskap. I denne veka er det å bli kjent med andre viktigare enn å bli ferdig med dei 1000 første sidene i pensum. Det er i denne veka du blir kjent med medstudentane dine. Det er no du treff mange med akkurat same oppstartsfokuset, og det er desse dagane alt skal skje på ein gong. Ikkje tenk at «dette blir travelt, det gidd eg ikkje engasjere meg i, eg kjenner nok folk frå før». Tenk at «denne veka er berre gøy». Det handlar om å bli kjent med andre, det handlar om å gje andre ein god kjensle av å vere ein viktig del av gruppa, og det handlar om å gje ein god start til livslange venskap. Og for dei som vil gjere det som statistisk sett gir gode resultat: Statistikken viser at dei som deltek denne veka har høgre gjennomføringsgrad enn dei som ikkje er med. Så om du vil deg sjølv vel, så ver med!

lsr2_620.jpg

Ho takka alle fadrane som stod klar til å ta imot dei nye studentane og oppmoda alle til å engasjere seg.

– Å vere student er så mykje meir enn forelesingar og lesesal. Og jau då, eg meiner det er viktig å møte opp til førelesingane. Til ALLE førelesingane, og eg meiner de skal delta i kollokviegrupper og sitte grublande over bøkene. Det er viktig å ha fokus på å studere når ein er student, og ein bør gjere det ein kan for å bli ferdige på normert tid. Hugs at det også handlar om å få studielån omgjort til stipend, så vel som det handlar om å kome seg vidare i livet. Men eg meiner også at de må delta i studielivet, folkens! Det er der det skjer! Det er der de bygger relasjonar, og det er der de bygger studentbygda Volda vidare. No er det dykkar ansvar å sørge for at andre studentar også vil til Volda.

– Bry deg!

For mange av studentane er Volda noko heilt ukjend. Sjølv om studiebygda har rykte på seg for å ha eit godt studentmiljø, kjem ikkje det av seg sjølv. Rektor la vekt på nestekjærleik mot slutten av sin tale.

– Ha opne dører også mellom kvarandre. Ta vare på kvarandre. Bry deg om dine medstudentar. Ta ansvar. Spør korleis folk har det. Og bry deg om svaret. Å flytte til ein ny stad og finne seg sjølv på ein ny stad er kanskje lettare i Volda enn mange andre stader. Men likevel: Ta vare på kvarandre. Anten det er på Rokken, på høgskulen eller på nettet, sa Roppen før han avslutta:

– Lukke til med studieåra i Volda!

Del på