Mange finn vegen til Volda og Internasjonal dag 17.02.

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I samband med Internasjonal dag på Høgskulen i Volda får HVO besøk frå partnarar frå Kenya, Latvia, Nord-Irland, Polen, Romania, Tsjekkia, USA, Wales og Austerrike. Dei fleste av gjestane har aldri vore i Noreg før, og for mange vil nok overgangen til vinter vere stor: Det er litt av ein avstand frå bølgeskvulp på Honolulu og kring 25 gradar i Nairobi til snødekte fjell og isroser i Volda og omegn.

Gjestane skal ikkje berre delta på Internasjonal dag 17.02. med fargerike stands frå sitt heimeuniversitet og ha møter med sine respektive fagavdelingar og potensielle studentar: Dei skal også på ekskursjon ut i øyane, til Fosnavåg, Runde, Ulsteinvik og Flø. Sjølvsagt skal dei også fleire høve til å stifte kjennskap med norske mattradisjonar.

Aldri har det vore så mange gjestar til Internasjonal dag som nett denne våren, og leiar av Internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen, er glad for at så mange vel å ta turen til Volda. Det er kjekt å kunne samle så mange partnarar på eitt brett, seier ho, både av praktiske omsyn og for å styrke samarbeidet på tvers av institusjonar.

Desse vil gjeste Volda:

George Ndiritu frå organisasjonen Mathare Youth Sport Organisation i Nairobi som kjem spesielt i samband med Fredskorpsprosjektet "Playback Project".

4bccc65f5583c7f4ed8022dcc6fc6718c5addeac

Frå Lativan Culture College i Riga kjem to lektorar frå "Creative Industries department", Sandra Konstante og Ingrida Indane. Denne institusjonen er ganske ny for HVO, men vi ser stort potensiale for utveksling av såvel tilsette som studentar.

9bd446a9d244aa36ebea6435653fe0c6596bf3b7

Frank Hennesey frå vårt partnaruniversitet St. Mary's University College i Belfast (ein del av Queens University) er leiar for "Business studies" og jobbar på Internasjonalt kontor. Vi har for tida seks utvekslingsstudentar frå dette colleget i Volda og St.Mary's er ein populær studiestad for Volda-studentene også.

Frå Warsaw School of Social Sciences i Polen kjem dr. Lucyna Aleksandrowicz-Pedich. Vi har studentar frå dette universitetet i Volda inneverande semester og fleire som er interesserte i å kome til hausten.

Alexandru Ioan Cuza University i Romania er representert ved Elena Radu. Ho arbeider spesielt med forskning og utvikling. Dette universitetet sender mellom 5-10 studentar til Volda kvart semester, men førebels er det ingen Volda-studentar som har dradd andre vegen. Dette håpar vi at Internasjonal dag kan vere med å endre.

Ein av dei nyaste partnarane våre er Upper Austria University of Applied Sciences i Linz og Caroly Mayr frå dette universitetet vil m.a. halde ein ope førelesning tysdag 16.02. kl. 14.15 på BK Vesle aud. Alle er velkomne! Mayr er lektor i sosialfag og jobbar ved internasjonalt kontor i Linz.

Frå Cardiff og University of Clamorgan kjem Dan Allen frå Faculty of Humanities and Social Sciences. Dan Allen er sentral i eit større intensivprosjekt som vi har med partnarar frå Wales, Latvia og Tyrkia. Vi har gode erfaringar med Glamorgan som studieplass, og fleire Volda-studentar har hatt utveksling i Cardiff.

Praha er ein populær studieby og Jan Amos Komensy University er representert ved Marta Spilkova frå Internasjonalt kontor. 

Hawaii Pacific University på Honolulu, Hawaii er mellom dei mest populære studiestadane for Volda-studentar. Hit kan det dra studentar frå alle fagdisiplinar og Mickey Kromann-Jensen som representerer Internasjonalt kontor frå dette universitetet vil få ein travel tid i Volda. Så langt har ingen studentar frå Hawaii kome til Volda, men vi håpar å kunne ta imot nokre allereie komande haust.

Del på