Medielinja ved HVO jubilerer

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Vart ”headhunta”

Ketil Harl Halse var med å starte opp medieutdanninga i 1971. Halse vart ”headhunta” etter at han som nyutdanna heldt eit føredrag ved Møre Folkehøgskule i Ørsta. Han var 23 år, og utdanna cand.mag. då han fekk oppdraget med å ta imot 60–70 studentar til faget media og kommunikasjon, som det heitte den gongen. – Mediestudentane tok samfunnsfag saman med sosial- og kyrkjefagsstudentane fyrste året, og det var sånn eg fekk gleda av å treffe dei, forklarar han. Halse held fram at undervisninga den fyrste tida gjekk føre seg i aulaen på Volda vidaregåande skule.


– Ivar Aasen-huset på campus var under bygging på denne tida, så det fyrste kontoret mitt var ein hybel på Forbundsheimen, seier Halse med eit smil.

Flytta inn i nybygg

Seinhausten 1971 fekk studentar og førelesarar ta i bruk det funklande nye Aasen-huset.

– I starten var ikkje media og kommunikasjon tenkt som ei journalistutdanning. Målgruppa var alle som ynskte å arbeide innan ulike mediefagfelt, forklarer Halse. På den tid hadde fyrste året fokus på samfunnskunnskap, medan det var høve til å spesialisere seg innan ulike yrkesretningar andre året. Halse var tilknytt Høgskulen i Volda (HVO) heile skuleåret 1971/72, og han underviste òg på hausten 1972. Deretter flytta han til Bergen for å prioritere eigne studiar til hovudfag der. I 1980 kom Halse tilbake til HVO, og i løpet av det kommande tiåret skjedde det store omveltingar i skulestrukturen.

acd87ed06f760542f4bf3a470ffeeb4524f908bf 

Ketil Jarl Halse utanfor Aasen-huset. Der var her medieutdanninga flytta inn i 1971/72. Halse er no dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie.

Fekk nærradiokonsesjon

– 70-talet var litt ”rotete” utdanningspolitisk. Dette tiåret var prega av mykje allmøtestyring, og det hende titt og ofte at førelesarane vart nedstemt av elevane, minnast Halse. Utover 80-talet vart semesterplanar og meir tradisjonelle eksamensformer vanleg.

– Vi fekk ei oppstramming av ”sjølvstyret”, noko eg såg på som naudsynt, forklarer han. Utover på 80-talet fekk HVO avtale om praksisplassar ved NRK, mot at skulen ikkje skulle lage eigne radiosendingar.

– NRK godtok ikkje nærradiosendingar, då dei meinte dette kom i konflikt med deira verksemd. Etter kvart oppdaga likevel NRK at det var mest praktisk at studentane hadde litt erfaring før dei kom til praksisperioden, og då fekk vi nærradiokonsesjon, fortel Halse. Han forklarer vidare at i starten var det nesten slik at ”Næravisa” og lokalradio/-TV-sendingane gjekk ut til folket når studentane hadde klart å fylle dei. I løpet av 80-talet vart det innført ”deadlines”.

Fastare krav gav resultat

– Med tida fekk vi òg innført karakterkrav ved opptaket av studentar. Dette tykte eg var bra. Fastare krav for intern produksjon, kopla med spørsmål om etikk og ettertanke, gav utdanninga eit løft, seier Halse. Han fortel at dei verksemdene som tok imot studentar i praksisperiode, skrytte av studentane.

– Vi fekk høyre at dei var gode til å drøfte og diskutere, og at dei var reflekterte. Samstundes fekk verksemdene studentar som kunne vere i fullt arbeid frå dag ein, noko som òg talde positivt for HVO, opplyser Halse. Han held fram at i løpet av 80-talet så fann medieutdanninga i Volda si noverande form.

– Det har skjedd få endringar i utdanninga sidan då, men ”It works, why fix it?”, spør han. NRK tilbaud HVO berre åtte praksisplassar i starten, men dette talet vart raskt auka. Med tida vart det lettare og lettare å finne praksisplassar til studentane. Dei hadde opparbeidd seg eit godt rykte på landsbasis. I 1983 var medieutdanninga i Volda dessutan vertskap for Nordisk medieforsking si konferanse, eit arrangement dei fekk mykje ros for i ettertid.

Eit flaggskip for HVO

Medieutdanninga har vore og er eit av flaggskipa til HVO, og sjølv om søkjartala svingar i periodar, er dette ei linje som rekrutterer studentar frå heile landet.

– På 80-talet var vi beskytta av politisk styring, og det var brei semje om at Volda skulle få tilby ei journalistikkutdanning. Utover 90-talet klarte vi å knyte til oss ei dokumentarfilm- og ei animasjonsutdanning også. Desse var sett i forlenginga av journalistikkfaget, fortel Halse. Han var sjølv rektor ved HVO i denne perioden. Utover 90-talet vart mediefag ei eiga avdeling ved HVO, og informasjonsfaget vart skilt ut til ei eiga utdanning.

– Alt dette vart gjort for å vise at vi satsa på mediefag her ved høgskulen, fortel Halse. Teknologien har hatt ei rivande utvikling dei siste 40 åra, og HVO har vore tidleg ute med å sikre seg godt utstyr til studentane sine.

Viktig med sjølvkritikk

– Vi har valt å lære opp journalistane i den teknologiske biten også, sidan vi ikkje har hatt høve til å tilsette teknikarar eller typografar for å lage øvingsproduksjonane. Vi har prøvd å kjøpe inn system som er mykje nytta i redaksjonar rundt omkring, slik at erfaringane kan nyttast i arbeidslivet, forklarer Halse. Han held fram at skulen har styrt unna dei største investeringane, men heller prøvd å fornye seg etter kvart som teknologien har utvikla seg. Halse er elles oppteken av at studentane som går ut frå HVO skal ha med seg ein god ballast.

– Som journalist er det viktig med sjølvkritikk og skepsis. Det er viktig å kunne reflektere rundt til dømes kjeldebruk, og ha eit akademisk-kritisk perspektiv, meiner han, og viser til at Svein Brurås og Bjarte Alme har betydd mykje for medieutdanninga i Volda i så måte.

Har tru på 40 nye år

– Å leggje ei medieutdanning i Volda på 70-talet vart nok av mange oppfatta som litt sært. Samstundes var 70-talet motstraumstid, der ”smått var godt”. Eg trur mange har hatt god nytte av sine år i Volda, seier Halse, og viser til at her har ”bybertene” lært bygdelivet å kjenne, og funne ut at det faktisk går an å trivast og finne venner på ein slik stad. Dette er erfaringar dei har teke med seg attende til heimstadane sine. Halse meiner HVO har funne ei nisje som er levedyktig for framtida.

– Politikarane har ofte vore i tvil om høgskular i distrikta vil overleve urbaniseringstrenden som feiar over landet, men eg har god tru på at HVO kan tilby mediefag 40 år fram i tid, seier Halse. Han meiner det føreset at høgskulen ikkje veks for raskt, men at ein tvert om gjer eit poeng ut av at høgskulen er eksklusiv og held høg kvalitet.

– Ikkje alle vil til storbyane. Vi representerer eit alternativ til dette, slår han fast. Han er no den einaste ved HVO som var tilsett ved medielinja då den starta opp i 1971, og han vonar å få med seg 50-års jubileet om ti år.

KJELDE: MØRE/LIV JORUNN NYHAGEN

Del på