Menneskerettar på tvers av landegrensene

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

5bb67a2d94f564e5a46cd0a62b7cd3ba

Internasjonale menneskerettar og fleirkulturell forståing har vore på timeplanen for ni russiske, fem svenske og ti journaliststudentar frå HVO dei tre siste dagane. Dei har vore samla på HVO i tre dagar for å saman diskutere problemstillingar rundt dei to temaa.

Sette myndigheitene til ansvar

Menneskerettighetsakademiet står bak samlinga og opplegget med undervising for studentane frå Lobachevsky State University of Nizhny Novgorod, St Petersburg State University, Södertörns högskola og Høgskulen i Volda. Samarbeidet vart starta i 2008, men det har aldri vore så omfattande som i år, fortel Jan Ytrehorn, studieprogramansvarleg for journalistutdanninga ved HVO.

– Formålet med samlinga er at alle journalistar i alle land bør vite ein del om menneskerettar, slik at dei kan sette myndigheitene til ansvar. Det er ei relevant utfordring for alle samfunn, meiner Lillian Hjorth, dagleg leiar i Menneskerettighetsakademiet.

Ho har vore ein del i Russland og sett korleis forholda er der, men let ikkje land i Skandinavia sleppe unna.

– Russland er eit dårlig utvikla sivilsamfunn og er ikkje flinke til å overhalde menneskerettane. Men når det er sagt, er verken Noreg eller Sverige flinke nok heller. Vi har også problem på dette feltet.

Mishandling på Youtube

Då vi var innom samlinga deira ein tur skulle grupper frå dei ulike landa presentere korleis menneskerettane fungerer i deira eige land.

c474ab3d6054f3ada7e65a71a73c8475
Nokre av dei russiske studentane som har vore på samling i Volda.

– Mishandling i russiske fengsel er vanleg. Går ein inn på Youtube er det mange videoar av politi som utøver vold mot folk. Det gjeld også for tilsette i militæret. Men det har i det siste kome meir og meir fram i media, og situasjonen har betra seg, fortel dei russiske studentane.

– I vårt land vert ikkje flyktningane alltid så godt behandla. Ein del vert sendt tilbake til heimlandet sitt utan at det er trygt for dei, og nokon vert sendt til feil land, var noko av det studentane frå Sverige trakk fram.

– Barnevernet får ein del kritikk i Noreg for at dei ikkje er flinke nok i arbeidet sitt. Barn vert ikkje teke godt nok hand om og vert oversett. I tillegg er det mange flyktningar som må leve innesperra på asylmottak i fleire år for å få svar på om dei får opphaldstillating, var mellom anna saker som HVO-studentane prata om.

f9466b73d58570b6325cba3b0c8d4e28
HVO-studentane prata mellom anna om asylmottak og barnevernet i Noreg.

Ser bak nyheitene

I tillegg til gruppearbeid har studentane hatt fleire forelesingar og meir praktiske oppgåver retta mot journalistyrket, under samlinga som er støtta av Utenriksdepartementet i Noreg og Senter for internasjonalisering av utdanning (SIO). 

– Det viktige med det her er at journaliststudentane treff kvarandre på tvers av landegrenser og kulturar. Då kan dei diskutere det som skjer bak det som kjem fram i media. Til dømes veit dei norske og svenske studentane lite om det som skjer bak det som kjem fram i nyheitene om Russland, seier Jan Ytrehorn.

Sjølv om samfunnsforholda er annleis i Russland enn i Skandinavia, meiner Ytrehorn at journalistutdanninga ikkje er så annleis.

– Journalistutdanninga i Russland er ganske parallell til oss. Og mitt inntrykk er at studentane derifrå er samfunnsengasjerte og meiner ting om regimet. Dei er orienterte og tenkjer sjølvstendig.

Veit for lite om menneskerettar

Hjorth har jobba med menneskerettar i mange år og meiner journaliststudentane har god nytte av ei slik samling.

d326d79e7070122f3df73dd66cca2801
Marianne Holden (t.v.) og Lillian Hjorth frå Menneskerettighetsakademiet.

– Journalistar veit alt for lite om menneskerettar, også i Noreg. Dei kan bruke det som eit reiskap i jobben sin, det gjeld alle land. Det er også viktig at dei tenkjer på etikken i journalistikken og er bevisste i orda dei bruker.

Til hausten held samarbeidet fram på tvers av landegrensene. Då reiser fem norske og fem svenske studentar til Lobachevsky State University of Nizhny Novgorod i Russland.

– Det vert eit liknande opplegg. Vi hadde studentar som gjorde det same i fjor, og då laga dei ei reportasje frå turen, fortel Ytrehorn.

PRESSEFOTO

Gruppesamling
Russiske studentar
HVO-studentar
Marianne Holden og Lillian Hjorth

Del på