MID-studentar med i kommuneprosjekt

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Joachim og Kay Jonny er tredjeårsstudentar på bachelorgradsstudiet i media, IKT og design. Studiet har mediekommunikasjon, medieproduksjon og mediedesign i fokus, med vekt på både teoretisk og praktisk tilnærming til ulike målgrupper. På fritida har Joachim og Kay Johnny kvar sitt enkeltmannsføretak, og har hatt fleire oppdrag som filmskaparar.

-      – Vi er begge frå Vanylven og vart kontakta av kommunen med ønskje om prosjektsamarbeid. Vi knytte kontakt med rapduoen KeSera og ordføraren i Vanylven kommune, Jan Helgøy. Samarbeidet gjekk overraskande bra, seier Joachim.

Enorm respons
For vel ei veke sidan vart ordførar-rapen lagt ut på nettstaden YouTube, og i dag har den over 25.000 visningar.

-      – Det har vore ein enorm respons dei siste dagane. Ida Wulff, ein av dei mest populære bloggarane i Noreg, lenka til videoen i eit av sine innlegg og førte til stor merksemd. Tilbakemeldingane har berre vore positive, fortel Joachim.

Videoen vart innspelt i sommar på nokre av dei vakraste stadane i Vanylven. Filmen skifter karakter ved hjelp av lyd og film med vanylvsørdførar Jan Helgøy og rapduoen KeSera i hovudrollene.  Mikael Vegdal Tabutiaux som går andre året på animasjonsutdanninga ved høgskulen har tegna coveret til låta.  

Sjå videoen her:

Del på