«But milk is important» til The Annecy International Animation Film Festival

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

7aa035ab4d1759a822ddf2623c24e2c1f143d17b
Animasjonsfilmen handlar om ein mann med sosial angst blir etterfølgt av ein naiv, nysgjerrig og klumsete skapning. Forferda forsøker mannen å rømme, uvitande om at skapningen er ein hjelpar med litt ukonvensjonelle metodar. Foto Bjørnsen/Mantzaris.

Å bli nominert til The Annecy International Animation Film Festival heng høgt.
─ Det er heilt vilt! Å få filmen vist der er en pris i seg sjølv.  Dette er vanvittig stort og vi er veldig stolte. Alle dei utallege ekstra timane vi har lagt ned har verkeleg vore verdt det, seier Bjørnsen.

The Annecy International Animation Film Festival blir arrangert frå 10.-15. Juni 2013 og «But milk is importaint» er einaste film representert frå Skandinavia i kategorien Graduation Films. Frå tidlegare har animasjonsfilmen vunne prisen for beste studentfilm på Fredrikstad Animation Festival 2012, og «Best Student Film» og «Post Graduate Student Jury» på Athens Animfest 2013. Filmen er også vald ut til å bli vist på Be There! Corfu Animation Festival 4.-7. april 2013 og VIS Vienna Independent Shorts Festival.

Under arbeidet med animasjonsfilmen har Bjørnsen og Mantzaris skrive på ein produksjonsblogg der ein mellom anna kan lese om korleis dei har laga karakterane og animert filmen.

Del på