Milliongåve til mediefag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Investeringsbehovet til Avdeling for mediefag kom fram i budsjettforslaget for 2012. Høgskulen viste her til eit behov om midlar til digital produksjonsflyt, nettmotor og oppgradering av fjernsynsstudio med virtuell teknologi.
– Tildelinga frå Kunnskapsdepartementet viser at medieutdanningane i Volda blir lagt merke til. Det er svært gledeleg, fortel rektor Per Halse.  

7578ed8225b94588bb3ba32316bd04ad9690e6dc
FEIRA MED KAKE: Edel Vatne Roald, Sverre Liestøl og Per Halse jubla for ekstraløyvinga og feira med kake.

Teknologisk utvikling
Tradisjonelt har utstyret ved medieutdanninga vore oppdatert og moderne, men dei siste åra har den teknologiske utviklinga gått raskt.
– For at Høgskulen i Volda skal kunne henge med i tida, var det viktig for oss at desse midlane kom på plass. Dette gjer at vi kan gje studentane tilgang på driftssikkert og moderne utstyr, seier Liestøl.

Rosar administrasjonen
Det er fjerde gongen Høgskulen i Volda har søkt om midlar til oppgradering av utstyr ved Avdeling for mediefag, og Liestøl rosar administrasjonen for at dei ikkje har gitt opp.
– Mediefag hadde aldri fått denne eingongstildelinga utan støtte frå leiinga ved høgskulen, seier dekanen nøgd.

Høgt kvalitetsnivå
Til Sunnmørsposten seier Kunnskapsminister Kristin Halvorsen at medieutdanningane i Volda har eit høgt kvalitetsnivå. Les resten av saka på smp.no.

Del på