Minnestund for Daniel Hoem Young

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

På ei minnestund ved Høgskulen i Volda søndag kveld, vart det teikna eit bilete av ein blid og positiv student som skapte eit triveleg miljø rundt seg. Ved opninga av minnestunda understreka rektor Per Halse kor viktig det er å kome saman og støtte kvarandre når slike tragiske hendingar skjer. I tillegg til studiekameratar og vener, var ei rekkje ressurspersonar frå høgskulen og kommunen til stades på minnestunda i Kaarstad-huset.  

Lensmann Jostein Vatne gjorde greie for korleis ulukka skjedde. Politiet er framleis interessert i å kome i kontakt med personar som kan ha observert noko som gjeld saka i tidsrommet 0300 – 0430 natt til laurdag. Lensmannen kan kontaktast på telefonnummer 02800.

Skulle nokon ha behov for å snakke med nokon på kvelds- eller nattetid, kan desse kontaktast:

Prest: 47479878

Legevakt: 70077266

På dagtid kan ein kontakte høgskulen sin studentrådgjevar

eller

kommunepsykologen.

Del på