Mitt liv som Erasmus student ved Latvian Academy of Music i Riga

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

 710f1ca6666dac306a23e9ebd8087d46addc445f

Stig Gjerde var Erasmus student ved Latvian Academy of Music i Riga studieåret 2011/2012. I tillegg til å ta fag han ikkje kunne få i Volda, slapp han å betale skulepengar og fekk eit Erasmus stipend på kr. 2.500 per månad med på kjøpet. Han ville aldri ha vore dette året forutan. Her kan du lese hans rapport og kanskje sjølv bli inspirert til å dra på Erasmus-utveksling. Det vil du aldri angre på!

Språk er nøkkelen       

Det var med store forventningar eg reiste til Riga. Eg hadde lyst å utvikle meg meir på trompet, og då det ikkje var instrumental undervisning ved Høgskulen på 3. året, var ikkje valget vanskeleg. Eg hadde hørt at engelskkunnskapen ikkje var særleg god der borte, så eg meldte meg på eit intensivt språkkurs i Latvisk som byrja i byrjinga på august. Dette kurset gjekk over 4 veker før studieåret starta fyrste veka i september. Vi var over 20 studentar frå heile Europa som deltok på kurset, eg var den første frå Noreg nokon gong, og vi vart ein meget godt samansveisa gjeng som møttest jamleg gjennom heile året. Vi hadde blant anna eit ” Farewell Christmas party” før jul for å møtast då det var mange som skulle vere der berre eit semester. Det er også ein annan god grunn til å ta språkkurset. Om ein står på eksamen får ein ca. 17.000 i språkstipend frå Statens Lånekasse, noko som er svært mykje pengar der borte. For meg var kurset ein meget god start på opphaldet mitt . Eg vart kjent med byen, fekk raskt nye vener og tid til å finne meg ein plass å bu.

Rimeleg å bu

Vi vart innkvartert i student- blokkene ved Latviske tekniske universitet under kurset. Det kosta ca. 800 kr. Mange gjekk i lag og fann seg leilegheiter etterpå. Eg fann meg rom på Green Appel som er eit student herberg rett ved siden av Akademiet, midt  ”Gamle byen”. Det heldt til i 3. etagen på Hotel Riga. Hotellet skal byggast om, så det er ikkje sikkert Green Appel vil vere der i framtida. Ein må rekne med å betale rundt 2000 kr. månaden for ein plass å bu.

Der er eit veldig behageleg prisnivå i Latvia, så med litt planlegging varer pengane lenge om ein unngår ”fellene”. Då tenkjer eg først og fremst på nattklubber, drosjer og tiggarar. Treng ein å bruke transport anbefalar eg at ein gjer seg kjend med trikk- og bussrutene. Det er svært rimeleg, går ofte og er overalt.  Ordnar ein seg med ESN kort så får ein studentrabattar på fleire uteplassar. Erasmus Student Network (ESN) Riga arrangerer masse party og utfluktar også, så her er masse moglegheiter til å verte kjent med andre studentar. Eg deltok aldri på dette sjølv, men var på nokre utflukter i lag med vener. 20 min. med tog frå Riga ligg Jurmala. Dette er ein liten badeby med ei fantastisk strand, ein verkeleg godbit om ein er strandløve. Om ein har tid, liker å reise, så er det ikkje så langt til Russland, Kviterussland, Estland, Litauen, Polen og Ukraina.

Mitt møte med akademiet og val av fag

Mitt møte med akademiet var litt spesielt. Eg kjende ingen, men professor Maja Sippola som var internasjonal koordinator var ei hyggeleg dame som forklarte meg litt om systemet og studieplanen. Eg skulle vere der to semester og det var viktig for meg å ta nok fag til at eg fekk minst 45 studiepoeng. Medan vi har emne som gir 15 studiepoeng , så har dei mange fag som gir lite poeng. Faga ein ønskjer å studere må ein velje når ein søkjer. Eg valgte Hovudinstrument, beslekta instument, ensemble speling, orkester, orkester repertoir, solfeggi, polyfony og musikkformer som til saman gav meg 46,5 poeng. Sjølve undervisninga var 1-1, og eg fekk professorar som snakka godt engelsk. Solfeggi, polyfony og musikkformer vart slege saman til ein dobbeltime med same professor. Ho heter Ieva Rosenbaha og var ei engasjert dame. Dette var eit djupdykk i musikkhistorien. I Polyfoni var det polyfoniens utvikling i musikkhistorien og i musikkformer var det formenes utvikling opp til i dag. Solfeggi er det same som høyrelære, men på eit høgare nivå enn ved høgskulen i Volda. På trompet, beslekta instrument (Kornett) og orkester reportuire, fekk eg Karlis Jekobson som lærar. Der jobba vi stort set med grunnleggande teknikk, noko som var svært frustrerande i byrjinga. Eg måtte forandre på munnstillinga, og dei første månadane var det ingenting som fungerte. Men han var tolmodig og sa ” just do it, it will come. It was the same for me”. Eg stolte på han, og forandringa kom. Vi jobba også med tone, artikulasjon og pust. I dag er eg takknemleg for dette. Det var ikkje berre nyttig for meg, men eg kan bruke det i min jobb som instrumentallærar i dag. Orkester og ensemble spel var verkeleg ei utfordring. Her var det samspel med andre studentar som var mykje betre enn eg, og det var ikkje nokon god følelse å vite at ein heile tida var det svake punkt. Men eg gjorde mitt beste og det var godt nok. Orkesteret var basert på to prosjekt pr. semester og dei tok dei som dei trengte til kvart prosjekt. Eg var med på to av dei, men det gav uttelling som om eg hadde vore med på alle. Skulle være med på tre, men måtte rett og slett gi meg for det var for vanskeleg.

Om ein ikkje ønskjer å ta språkkurset kan ein melde seg på eit seminar på akademiet som heiter Jazz and Brass. Dette er eit kurs i jass tilpassa både jass studentar og klassisk skulerte. Dette går samtidig med språkkurset. Det gir mange studiepoeng (15 trur eg det var). Eg visste ikkje om det før eg kom bort dit. Eg var på avslutning konserten og den var bra. Ein liten smakebit finn du her: http://www.jvlma.lv/latvian/page/1686.html

Nettverksbygging

Det største utbytte eg hadde frå opphaldet mitt utanom trompetspelinga, var nettverket som eg fekk der. Det krev ein del av en sjølv om ein skal få noko ut av opphaldet. Det er ingen som legg til rette for oss, men om ein har eit ope sinn, ein klar plan på kva ein vil, så vil det opne dører inn i framtida.

En liten video om akademiet:

http://www.youtube.com/watch?v=UbxIpUfJ9hE&feature=player_embedded

Stig Gjerde

d031e581322864f5858caf5fdf30eaf7cf4d0cbb

Del på