Møtte alpinlegenda Stein Eriksen i USA

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Målsetjinga for studieturen var å studere skiopplæring og korleis dette vert gjort på ulike nivå, samt generell oppdatering av skifagleg kunnskap. Dette er viktig då vi er ansvarlege for skiopplæring ved idrettsstudia ved Høgskulen i Volda. I Deer Valley møtte vi den levande skilegenda Stein Eriksen, som tok OL-gull i storslalåm og sølv i slalåm under OL i Oslo i 1952, og VM gull i slalåm, storslalåm og kombinasjonen under VM i Åre i 1954. I tillegg har han bronsemedalje i slalåm frå VM i Aspen i 1950. OL-gullet i 52 var ein sensasjon då han var den fyrste nordmann som vann olympisk gull i moderne alpint. Når han i tillegg vann dei nemnde VM-greinene i Åre i 54 vart han ein verkeleg stor internasjonal kjendis. Medieomtalen etter desse meisterskapstitlane var enorm.


Det fyrste som møtte oss ved det enorme skianlegget i Deer Valley, var ei bronsestatue av Eriksen i front av anlegget. På ein stasjon like opp for dalbotnen ligg «The Viking», ei skiheis på om lag 200 meter som tok oss opp til «Stein Eriksens Lodge». Eit stort og flott «alpehotell» som har satsa på å huse rike amerikanarar.

bfd6296c33e69c00e70fca9d93759f7f10187fba 

Haug (t.v.) og Sætre ved statua av Stein Eriksen ved inngangen til alpinanlegget i Deer Valley.

Stein Eriksen er akkurat ferdige med lunsj på lodgen når vi kjem dit, men det er berre å ta kontakt får vi vite i resepsjonen. Vi helsar på Eriksen på norsk, og han smiler og ynskjer oss hjarteleg velkomne. «Så kjekt å få besøk fra Norge», er det fyrste Eriksen seier. Idrettslærarane frå Høgskulen vart møtt av ein triveleg, oppegåande og reflektert skientusiast på 84 år. Det var ikkje vanskeleg å halde i gang diskusjonen rundt skiopplæring og skiteknikk, då interessa for temaet var like levande som hjå ein nyutdanna skiinstruktør. Når Eriksen får høyre at Høgskulen i Volda har eiga skiutdanning på fordjupingsnivå, der studentane både får trenarutdanning innanfor skiforbundet sin utdanningsstige og i tillegg får studiepoeng på høgskulenivå, vert han mektig imponert. «En smart måte å gjøre det på», er kommentaren frå Eriksen.

Stein Eriksen fortalde at han vart invitert over til ulike skianlegg i USA etter suksessen i alpint OL og VM. Han skulle lære amerikanarane å renne slalåm «The Stein Eriksen way», som var stilreint med svært samla beinføring. Han tok del i konkurranser, heldt skishow og dreiv opplæring i fleire år, før ein rik amerikansk kjenning tok kontakt. Han hadde kjøpt Deer Valley og ville bygge skianlegg der. Eit vilkår for å gjere dette var at Eriksen vart med på prosjektet. Ut frå den kjendisstatusen som Eriksen hadde innanfor alpin skiidrett i USA var sjølvsagt dette svært smart med tanke på marknadsføring av skianlegget. For Stein Eriksen var dette eit glimrande tilbod, og som han sa det: «Avtalen vart inngått med eit handtrykk og underskrift på ein papirlapp».

 c1ea16638703c34c48dce29676d5c99c942c4254

«Stein Eriksens Lodge» ruvar godt opp på ein haug, like opp for dalbotnen i Deer Valley. Biletet er tatt frå «The Viking», skiheisa som fører opp til «Lodgen».


Eriksen har no trappa ned og har meir «promotion oppdrag», som han kalla det. Likevel står han enno som «Skiing director» for 500 skiinstruktørar, og er dagleg innom «Lodgen» for å følgje opp drifta. Dagen etter vårt besøk skulle han renne på ski i alpinanlegget med forretningspartnarar. Ikkje verst for ein mann på 84 år. Mot slutten av samtalen seier han: «Når jeg får studiebesøk helt fra Norge så spanderer jeg heiskort. Jeg kommer på hotellet deres med fribilletter klokken fem.» Presis klokka fem kjem Eriksen til hotellet vårt med signerte fribillettar til dagen etter. «Håper jeg ser dere i bakken i morgen», var kommentaren vi fekk når han reiste frå hotellet. Dette viser oss ein mann med føtene godt planta på jorda, som viser omtanke og som du kan stole på. Desse karaktertrekka har nok vore med på å gi Stein Eriksen den livslange statusen han har hatt i den alpine skiidretten.

Alle vi var i kontakt med innanfor det alpine skimiljøet i USA vart imponert når vi fortalde at vi hadde vore i møte med Eriksen. Møtet med den levande alpinlegenda Stein Eriksen og lærarar på fleire skiskular i Utah var svært lærerikt og inspirerande, noko som vil kome skistudentar ved idrettslina ved Avdeling for kulturfag til gode.

Del på