Mozarts Requiem ved Høgskulen i Volda
Høgskulekoret og Orkesteret ved Høgskulen i Volda slår seg saman og inviterer til haustkonsert i Ørsta kyrkje laurdag 16. november og Volda kyrkja søndag 17. november.
To store verk står på programmet, som spenner frå klassisk kyrkjemusikk til tsjekkisk nasjonalromantikk: Mozarts Requiem og tre satsar frå Smetanas Má Vlast (Mitt Heimland).
Solistane er Karen Rosenberg Olsen (sopran), Christoffer Stenhaug Johansen (alt), Lars Ivar Nordal (tenor) og Alf K. Vatne (bass).
Sopranen Karen Rosenberg Olsen fullførte våren 2013 si mastergrad i utøvande klassisk song ved Barratt Due Musikkinstitutt og Norges Musikkhøgskole. Ho har tidlegare vore på studieutveksling ved Royal Conservatoire of Scotland der ho mellom anna vann pris for beste tolkning av tyske lieder i “The Frank Spedding Lieder Competition”. Karen har motteke fleire stipend og delteke på meisterklasser med blant andre Elizabeth Norberg Schulz, Malcolm Martineau og Susanna Eken. Ho er i dag frilans sopran med mange konsertoppdrag i Norge og i utlandet.
Christoffer Stenhaug Johansen er 23 år og musikkstudent ved Høgskulen i Volda. Han byrja å spele teater då han var 10 år i den lokale barneteatergruppa "Minimasken" der han mellom anna har spele Danny Zuko i Grease og Kaptein Krok i Peter Pan. Christoffer gjekk på dramalina på Greveskogen vidaregående skule i Tønsberg, og det var der at songpedagogen Eva Høgset overbeviste han til å bli kontratenor.
Tenoren Lars Ivar Nordal byrja syngje på musikklina ved Volda VGS med Hildur Sandstad Dalen som lærar. Han har sidan studert ved både Griegakademiet i Bergen og Hochschule für Musik «Hanns Eisler» i Berlin, der han våren 2013 fullførte masterstudia i song. Lars Ivar har sunge mange ulike roller på scena, men i august dette året entra han ei ny scene: han er nemleg blitt journalistpraktikant ved NRKs Nynorske mediesenter, og han kombinerer dette med ulike songoppdrag i inn- og utlandet.
Alf K. Vatne (bass) har songutdanninga si frå Østlandets musikkonservatorium, der han studerte med Joseph Stzerenyi, men han har heile sin yrkeskarriere vore lærer ved Ørsta ungdomsskule. Han er mykje nytta som solist i Vestlandsfylka, både i kyrkjemusikalske verk og operaoppsettingar, t.d. ved Opera Nordfjord. Alf var nyleg solist i Haydns Skapelsen i Stavanger, i lag med Stavanger oratoriekor og Sandnes symfoniorkester.
Koret og symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda har lange tradisjonar tilbake til tida då høgskulen var lærarskule. Besetninga i orkesteret er på omlag 40 musikarar med ei fin blanding av bygdefolk, studentar og tilsette ved høgskulen. Talet på musikarar varierer frå konsert til konsert, og ved særskilde høve blir det hyra inn musikarar for å dekke spesialinstrument. Det er i hovudsak musikkstudentar som utgjer koret, men også andre studentar og tilsette har høve til å vere med. Dirigentar denne sesongen er Elizabeth Oltedal, førstelektor i musikk ved høgskulen, og Øyvind Granden Berg, til dagleg kulturskulelærar i Herøy.