Musikalsk cocktail
Etter å ha lest forslaga til konferanseinnlegg utfordra arrangørane nokre av deltakarane til å gjere noko meir ut av cocktail-mottakinga ved International Research Seminar 18. juni. Resultatet er «Impro for the palate», ei interaktiv cocktail-mottaking som speler på eit breitt spekter av sansar.
Professor i musikk Magnar Åm og førsteamanuensis i naturfag og matkultur/helse Erik Fooladi (HVO) utfordrar samspelet mellom sansane.
Ansvar for regien har førsteamanuensis i naturfag og matkultur/helse Erik Fooladi (HVO), professor i matvitskap Anu Hopia (universitetet i Turku, Finland). Professor i musikk Magnar Åm (HVO) er sentral blant musikarane.
Tematikken på International Research Seminar er multimodalitet, og arrangørane søker med dette å gå «utanom boksen» og vere ein møteplass der deltakarar frå mange fagfelt kan dele erfaringar og synspunkt. «Impro for the palate» tek utgangspunkt i forsking som viser at sansane samarbeider for å gje ei total oppleving.
─ Vi leikar oss med korleis sansane spelar på lag, og det er mykje som tyder på at vi har innebygde koplingar mellom ulike sansar. Surt assosierer vi kanskje med lyse, gule fargetonar og søtt med raude. På same måte kan det du høyrer påverke det du smakar, seier Fooladi.
Det er desse koplingane og assosiasjonane som skal utforskast på cocktail-mottakinga.
─ Alle deltakarane får utdelt tre cocktailar med ulike grunnsmakar som er utvikla av finske kokkar og vinkelnarar i samarbeid med Anu Hopia. Basert på smaksopplevingane skal musikarar improvisere. Deltakarane vil få mogelegheit til å respondere på kva drink dei assosierer med dei ulike musikkstykka, og det spennande er då korleis deltakarane tolkar musikken, seier Fooladi. Er det til dømes slik at deltakarane vil assosiere den syrlige drinken med musikken som vert improvisert fram inspirert av smaksopplevinga musikarane får av den same drinken? Kan ein smaksoppleving formidlast gjennom tonar og rytmar?