Nøkkelen til ei god oppgåve

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Då det ikkje vert gitt opplæring i oppgåveskriving ved alle studia, har Studenttinget tatt initiativ til eit felles kurs i akademisk skriving.
– Ressurspersonar på Høgskulen vil kome med sine beste tips og råd, slik at alle studentane får eit likt utgangspunkt for å skrive ei god oppgåve, fortel Tiril Asbøll, leiar for Studenttinget i Volda.

Når: Torsdag 19. januar, klokka 12:15 til 15:00
Stad:
Store auditoriet, BK
Målgruppe: Alle bachelorstudentar

Forskings- og utviklingsleiar, Lars Julius Halvorsen, veit at det kan vere vanskelig å skrive gode oppgåver. Han kjenner også til nokre enkle grep som kan heve kvaliteten på arbeidet. Difor inviterer han studentane til ei innføring i oppgåveskriving og grunnleggjande drøftingsteknikk.
– Vi har samla ei rekkje praktiske råd som er nyttige å ha med seg. Målet er at du som student skal bli meir medviten og tryggare på korleis du skal skrive ei god oppgåve, forklarer han.

På førelesinga vil studentane bli presentert for kva som kjenneteiknar akademisk skriving og korleis ein nyttar teoriar i slikt arbeid. I tillegg vil Kirsti Langstøy frå brukaropplæringsgruppa på biblioteket orientere om blant anna referanseteknikk og kjeldebruk. IT-konsulent Jørn Persson deler nyttige tips om korleis ein best skal strukturere og skrive ei oppgåve i Word.

Agenda
Oppgåveskriving og drøftingsteknikk: 2 x 45 minutt
Referanseteknikk og kjeldebruk: 30-40 minutt
IT-tips: 10-15 minutt

 http://www.hivolda.no/nyn/for-studentar/for-studentar/nyhende/?&displayitem=430&module=communicator

Del på