Norges sprekaste studietilbod

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

1fc57002beff831cd426a926a9b3210ea281fd7e

Allmenlærarstudent, Anne Berit Jordal, er ein av tjue Volda-studentar som tek Austral-Asiatiske kulturstudiar denne hausten. På Internasjonal Dag 6. februar 2013 kan du møte Anne Berit og fleire av AA-studentane og få høyre meir om deira opplevingar. I mellomtida kan du lese litt frå eit reisebrev frå Vietnam:

a70a36a0e8aeac9296bb2702e086b90bef0e3197

Vietnam var heilt fantastisk fordi vi hadde med oss ein ny student frå Foreign Trade University i Hanoi kvar einaste dag. Det var skikkeleg ivrige på å hjelpe oss med alt som var: Sightseeing, pruting når vi skulle shoppe, vere med på restaurant, språkproblem osv. Dei var kjempehyggelege, og oppholdet hadde ikkje vore det same uten!

3b3dda3779d640a700c9100d10b5041dc23fcda7

Fredag den 26. nov møtte vi ein gjeng studentar som venta på oss utanfor universitetet etter forelesninga.

9f7300c0e7e700c4ba21e92a15edc0a8a420f6b0

Ryktet hadde spreidd seg om at det var norske studentar på besøk. Dei spurde om vi ville vere med på nattmarkedet og slikt på kvelden. Då vi seinare på dagen møtte studentane i hotellresepsjonen var det over tre vietnamesiske studentar per norske student! Dei tok oss med for å ete mat på gata på ekte vietnamesisk vis, og dei kjøpte cheese sticks, frukt og anna typisk "fast food" til oss på gata. Det blei ein kjempebra kveld for dei som var med på det.

f1a4220102463c52298559be6e2d109819d5f53c

Elles så har vi sett Ha Long Bay (World Heritage Site) og Sapa (rismarker i hylleforma landskap).

6271e8d34b25880bc8da55d569703376071acb47

Del på