Ny frist for Studiebarometeret

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Studiebarometeret hadde i utgangspunktet svarfrist 8. november, den er no utvida til 14. november klokka 12.00. 20 000 kroner ligg i potten til den klassa ved Høgskulen i Volda som får høgast svarprosent på Studiebarometeret – den årlege nasjonale studentundersøkinga som gjeld for studentar som går andre året på ein bachelor og andre års masterstudentar.

Her kan du sjå korleis svarprosenten til dei ulike utdanningane ved høgskulen er.

PR, kommunikasjon og media var ein av vinnarklassane av Høgskulen i Volda sin premie i fjor. Sjå korleis dei brukte pengane til ein sosial kveld her.

Leiar av Studenttinget i Volda (STiV), Karoline Strand, meiner Studiebarometeret er ein god måte for studentane å tilbakemelding om kva dei er nøgd med og ikkje. Høgskulen skal revidere kvalitetssystemet sitt. Tilbakemeldingane frå Studiebarometeret vil verte brukt i det arbeidet, som er leia av prorektor Jens Standal Groven.
Les oppmodinga frå Strand og Standal Groven her.

Del på