Ny runde for ”Miljøterapi i demensomsorga”

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Tekst: Helle Nærø

128259e6a830230b4987cdaeea12ae181e548d15
Fjorårets studentar ved Miljøterapi i demensomsorga, saman med emneansvarleg Anne-Sofie Egset

Det vert stadig sett større krav til kompetanse i demensomsorga. Studiet kom i gang etter eit initiativ frå dei sju nettverkskommunane på Søre Sunnmøre, og målet med studiet er å styrkje den pegagogiske og kommunikative kompetansen til helse- og sosialarbeidarar som arbeider i demensomsorga.

– Studiet er det einaste av sitt slag i landet, fortel emneansvarlig Anne-Sofie Egset. Det er eit betalingsstudium med ei avgift på 15.000 kroner, som går over eitt år, med to samlingar per semester. Slik er studiet godt lagt til rette for dei som er i arbeid, stadfestar ho.

Anne-Sofie fortel også at kommunane kan søkje om støtte til dekning av studieavgifta på 15.000 kroner hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, då studiet er ein del av Kompetanseløftet 2015. Tidlegare år har alle kommunane fått støtte.

–  Det handlar om å gje personar med demens ein meir meiningsfylt kvardag gjennom aktivitetar som song, musikk, trim eller berre det å kunne få kome seg ut ein tur. Kort sagt å gje dei gode opplevingar, forklarar Anne-Sofie.

Viktig arbeid

Gerd Hilde Berg-Rusten er ei av dei som ser verdien av kompetanse innanfor eldreomsorga, og ho var sjølv student ved Miljøterapi-studiet på Høgskulen i Volda 2009-2010.

– Den kompetansen ein hentar frå studiet kan ein ta med seg attende til praksisfeltet. Ein kan setje i verk aktuelle miljøtiltak for personale, pasientar og pårørande, fortel Gerd Hilde Berg-Rusten.

Gerd Hilde arbeidar som hjelpepleiar på Kleppetunet, som er ei skjerma eining for personar med demens på Volda Omsorgssenter. Ho har vore i eldreomsorga i mange år og ho valde studiet fordi ho har interesse for miljøarbeid for personar med demens.

– Hovudinteressa mi er å gjere kvardagen til brukarane på avdelinga her mest lik sin eigen heimesituasjon. Vi fokuserar på å finne det den enkelte har likt før dei vart råka av demens, og vi har ulike aktivitetar for dei. Vi vil gjerne at dei skal nytte dei ressursane dei har att. Vi nyttar også song og musikk som terapi, og dette er noko eg likar spesielt godt, fordi det er ein roande og samlande aktivitet, seier Gerd Hilde.

Betre trivsel i arbeidslivet

Anne-Sofie Egset legg vekt på at auka kompetanse som studentane får via Miljøterapi i demensomsorga gir auka trivsel i arbeidslivet. Ho har erfart at fagleg forankring om miljøterapi gjer at studentane blir tryggare og kan argumentere betre om behov på arbeidsplassen.

Gerd Hilde stadfestar også at ho har fått god nytte av det ho lærte på studiet.

– Det vil styrke avdelinga dersom ein går på skule og hentar kompetanse, for så å vidareføre kunnskap til sine medarbeidarar. På studiet fekk ein inspirasjon og høve til å tenkje nyskapande, ein fekk innspel og informasjon om korleis ein arbeidar på andre arbeidsplassar, samt at det var positivt å få diskutere med likesinna.

Rår andre til å søkje

Gerd Hilde trur at det kan vere ei utfordring når det gjeld rekruttering til studiet at målgruppa allereie er i arbeid, og at det er ikkje alle som er like opne for det å vere student att. Men ho vil oppfordre andre til å søkje, då ho sjølv har hatt fått ny giv i arbeidslivet.

– Mange kvir seg til arbeidskrav og eksamen, men det er berre ein liten del av det, forklarar Gerd Hilde. Utbyttet er så mykje større, og ein må fokusere på den gevinsten ein får av å lære det ein får på dette studiet, legg ho til.

Anne-Sofie kan melde om at dette kanskje er siste gong det er oppstart på Miljøterapi i demensomsorga i denne runden, då arbeidet med ei ny påbygging er i sving.

Miljøterapi-studiet er i første rekkje mynta på personale som arbeider i demensomsorga. Men alle med generell studiekompetanse eller realkompetanse kan søkje om opptak på emnet.

I studiekatalogen til høgskulen kan du lese meir om studiet "Miljøterapi i demensomsorga".

Du kan også kontakte emneansvarlig Anne-Sofie Egset, på telefon 70 07 50 13 (97169915) eller på e-post: annese@hivolda.no, ved spørsmål. Opptak skjer fortløpande og det er framleis råd å søkje.

Del på