Ny student? Kontakt oss!

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog

- Oppdatert

fa21adef830803ce49d91beac4c7c687

I heile sommar vil Lisa og Emma svare på spørsmål om søknad, studietilboda, fritid, bustad og andre ting ved det å vere student i Volda. 

Det såkalla «Søk-korpset» er ein del av studentrettleiingstenesta ved Høgskulen i Volda. Emma Medina Welle og Lisa Kalvø er begge studentar ved grunnskulelærarutdanninga i Volda og kjenner studiebygda godt. – Ikkje nøl med å ta kontakt, seier Emma.

Studentsørvis og sentralbord

I tillegg til «søk-korpset», er også sentralbordet og studentsørvis viktige element i høgskulen sin sørvis i høve nys studentar og søkjarar. Begge ligg i første etasje i Berte Kanutte-huset midt på campus.

3fa64ed9530cd96c82cec5f220dac595
Sindre Welle på Studentsørvis.

Nyttig informasjon på nett

Fram mot studiestart finn du også mykje nyttig informasjon på www.hivolda.no/studiestart. Vi har samla alt du treng å vite på ein stad med hjelpesider, kart, informasjon om campus, kontaktpersonar, rettleiing og rådgjeving, praktisk informasjon relatert til kvart studium, ofte stilte spørsmål, nyttige lenkjer med meir.

c271d55363baac275e5631cac7e952ea
Astrid Roti Langvatn og Ann Kristin Eikrem er dei blide damene i resepsjonen.

Kontakt

Søk-korpset: T: 70 05 48 00 (Frå måndag til fredag 09.00-15.30). E-post: sok@hivolda.no

Sentralbord: T: 70 07 50 00

Studentsørvis: T: 70 07 50 18

Del på