Nye tilsette ved Internasjonalt kontor

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

c1ae898504f3505d1b2f055a20e9e055801938de
Marte Osmundsen (vikar for Iulia Beluta), Arne Humberset (ny internasjonal koordinator), Cecilie Wilhelmsen (avtroppande internasjonal koordinator) og Iulia Beluta (førstekonsulent ved Internasjonalt kontor). 

Humberseth kjem frå ei stilling ved Internasjonalt kontor ved UiO, og har derifrå god kjennskap til avtroppande internasjonal koordinator Cecilie Wilhelmsen.

─ Cecilie har gjort ein kjempeflott jobb her, og eg gler meg til å vere med vidare, seier Humberset.

Wilhelmsen førtidspensjonerar seg 1.oktober, og har fram til det mykje å henge fingrane i.

─ Internasjonalisering er eit satsingsområde for HVO, og vi ventar om lag 90 nye internasjonale studentar til studiestart. I tillegg er det fleire som allereie er i studieløp her, seier ho.

Det er også tilsett ein vikar for Iulia Beluta som går ut i svangerskapspermisjon i dag. Marte Osmundsen har ein master i engelsk frå UiA og PPU frå Volda.

På den internasjonale møtestaden Pangaia vil spanske Dunia Soriano Celma fortsette eit studieår til, assistert av amerikanske Evan Spaulding, som er bachelorstudent i friluftsliv.

Kontaktinformajon

Arne Humberset: arnehum@hivolda.no | tlf. 70075120

Marthe Osmundsen: osmundma@hivolda.no | tlf. 70075235

Del på