Nytt system skal gjere studiekvardagen betre

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

lms_620.jpg
Torbjørn Frantsen og Niels Jørgen Andreasen har ansvaret for å implementere Canvas ved Høgskulen i Volda. 

Sidan 2001 har Høgskulen i Volda nytta Fronter som sitt LMS (learning management system) – møtepunktet mellom fagtilsette og studentane ved høgskulen der dei kommuniserer og delar informasjon utanom den fysiske undervisninga. No har høgskulen bestemt seg for å gå vekk frå Fronter og heller bruke Canvas som sitt LMS.

Betre app

Arbeidet med å implementere det nye systemet starter nå og det skal vere klart før sommaren. Dei første studentane får ta det i bruk i haustsemesteret 2017, medan frå haustsemesteret 2018 skal alle studentar over på Canvas.

Niels Jørgen Andreasen er prosjektleiar for implementering av det nye systemet. Han har tidlegare vore med på ein liknande prosess ved en høgskule i Danmark der dei også gikk over til Canvas. Andreasen og LMS-administrator ved HVO, Torbjørn Frantsen, er ikkje i tvil om at dette vil verte eit godt skritt framover for høgskulen – og ikkje minst for studentane.

– Det er eit meir brukarvenleg system enn det Fronter er i dag. Ein får meir informasjon samla på ein plass. I tillegg er det også meir tilgjengeleg på mobiltelefon. Appen er også ein stor skilnad mellom Fronter Canvas. I Canvas sin kan ein gjere mykje meir, den kan erstatte nettsida. Ein kan også integrere meir av verda vi lever i i Canvas. Det er enkelt å hente inn multimedia og kommunikasjonstenester, seier dei to.

Enklare med video, vurdering og læring

Å bruke video i kommunikasjonen mellom fagtilsette og studentar vil verte lettare og difor kunne ta over den meir skriftbaserte kommunikasjonen som er i dagens system. Det gjeld både formidling, rettleiing og studentarbeid der studentane samarbeider.

– Det nye systemet gir moglegheit for betre vurdering av studentane undervegs i semesteret. Ny teknologi gir også nye pedagogiske moglegheiter. Det er større valfridom i korleis ein organiserer og gjennomfører læringa. Både i klasserommet og på nettet, påpeikar Frantsen.

Framtidsretta

Fagtilsette vil begynne å få opplæring i det nye systemet før sommaren – både med det tekniske og korleis ein kan tenke nytt med pedagogisk bruk av teknologi.

– Potensialet for høgskulen er stort med dette nye verktøyet. Vi ser fram til å arbeide med det framover – ikkje bare inn i neste år. Dette er eit system for framtida, seier duoen.

lms2_620.jpg
Direktør Jacob Kjøde jr. underteikna avtalen med Canvas for høgskulen, medan prosjektleiar Niels Jørgen Andreasen følgde med.

Felles prosjekt

Ifølge Andreasen har om lag to tredelar av universiteta og høgskulane i landet no gått inn for å bruke Canvas.

– Universitets- og høgskulesektoren følte i fjor eit behov for å samle seg og gikk ut med eit anbod for eit nytt system slik at ein skulle sikre best mogleg kvalitet. 20 universitet og høgskular har vore med på anbodsprosessen, og Uninett som har styrt den, anbefalte Canvas, fortel Frantsen.

Del på