– Om du vil vere med å påverke – still til val

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

9f8dcd9005137d1855787408b13946a2
Noverandre styre: Marie Dahle (f.v.), Marie Havnsund, Karoline Strand, Natalia Ramirez Garcia, Lisa Storheim Kalvø og David Fiskaa.

– Eit verv i STiV er den beste moglegheita ein har til å påverke og vere med på den daglege drifta av studentdemokratiet, seier Strand.

Arbeidsutvalet består av følgjande seks verv: leiar, fagansvarleg, velferdsansvarleg, internasjonal ansvarleg, informasjonsansvarleg og entreprenør- og næringslivskoordinator. Fem av dei seks som det føregåande året har hatt desse verva, informasjonsansvarleg er unnataket, vil stille til val igjen. Strand seier sjølv at ho ser så mange moglegheiter at ho vil fortsette å vere med i Arbeidsutvalet.

– Det er så vanskeleg å gi seg når ein ser resultat av det ein driv med. Og her på høgskulen er det mogleg å få innflytelse.

At fem av seks stiller til val på nytt, skal langt ifrå skremme andre til å melde inn sitt kandidatur til dei ulike verva.

– Vi er avhengig av å få inn nye folk som kan kome med andre innspel. Difor oppmodar eg alle som synest dette høyrest interessant ut å stille til val og vere ute i god tid valdagen. Ein bruker så mykje tid og kapasitet som ein vil og har utanom studiane. Og alle verva er honorert økonomisk, med ein sum i månaden.

Valet går føre seg under studenttingmøte på Rokken onsdag 27. april klokka 17.00.

Under kan du lese ein kortfatta presentasjon av dei ulike verva:

Leiar: Har det overordna ansvaret for Arbeidsutvalet. Har økonomiske og administrative oppgåver og samarbeider med organisasjonskonsulenten i STiV. Er utvalets ansikt utover høgskulen og er aktiv i nasjonal studentpolitikk. Har fast plass i tilsetjingsrådet for faglege tilsetjingar, og eg er også med i fleire andre interessante arbeidsgrupper og forum.

Fagansvarleg: Har ansvaret for studiekvalitet og forsking. Er fast medlem i strategisk studienemnd og forskingsutvalet. Handsamar klagar frå studentar.

Velferdsansvarleg: Ha kontroll og sjå etter velferdstilboda ved høgskulen. Samarbeide med studentsamskipnaden og arrangere kurs. Har fast plass i læringsmiljøutvalet ved HVO.

Internasjonal ansvarleg: Har ansvar for å ivareta dei internasjonale studentane si stemme. Sjå til at studentar frå høgskulen som er på utveksling har det bra. Har fast plass i internasjonalt utval ved HVO.

Informasjonsansvarleg: Har ansvar for nettside, sosiale medium og all grafisk produksjon. Kommuniserer ut til studentane det STiV vil formidle. Har fast plass i valstyret ved HVO.

Entreprenør- og næringslivskoordinator: Har kontakt med arbeids- og næringsliv. Er med i arbeidet og utviklinga av karrieredagen Kunnskap i vekst og Ut i jobb messa. Har ein støttande rolle inn mot studentbedrifter ved høgskulen.

Del på