Opptaket 2014

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– Journalistutdanninga, sosionomutdanninga og barnevernspedagogutdanninga held seg omtrent på same nivået som i fjor.  Det er også fin framgang på nokre årsstudium som matkultur og helse, RLE (religion, livssyn og etikk), kunst og handverk, og friluftsliv, seier rektor Halse.

Nytt: Lærarutdanningar på deltid

Høgskulen i Volda tilbyr i år grunnskulelærarutdanning (GLU) 1 – 7 og barnehagelærarutdanning (BLU) på deltid i tillegg til heiltidsutdanningane.

5967475cba5bd2f141f697969c5cd2ff

Rektor Per Halse.

– Det er positivt at det er over 80 førsteprioritetssøkjarar til saman på desse utdanningane, seier han.

Høgskulen i Volda har eit stort lokalt opptak (deltidsstudium, nettstudium, mastergradar osv.) og ein registrerer framleis god søking til desse studietilboda. 

Del på