Opptaket: Veksten held fram

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Søkjartala viser at Høgskulen i Volda (HVO) aukar talet på førsteprioritetssøkjarar i opptaket samla med om lag 7 %.

Rekordstort lokalt opptak

Auken i det lokale opptaket er på heile 25 %. Høgskulen kan registrere ein fin framgang for masterutdanningane, praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) aukar med 33 % og vidareutdanningane i det lokale opptaket elles aukar med 25 %, seier han.

Samordna opptak

Sjølv om HVO har ein nedgang i SO i høve til i fjor, er høgskuledirektøren nøgd med søkjartala så langt.

– Nedgangen i SO skuldast at vi i fjor lyste ut 38 studium mot i år 33, forklarer høgskuledirektøren. Det er gledeleg å registrere ein framgang for sosionom (+ 10,2 %) og barnevern (+ 19,3 %). Også søknaden til grunnskulelærarutdanningane (GLU) og barnehagelærarutdanninga i Volda (GLU 5-10 + 23 %, barnehagelærar + 55 %)  aukar, seier Kjøde.

Tala frå SO viser at det nasjonalt er ein nedgang i søkinga til GLU 1-7 på 5,5 % og ein auke på 6 % til GLU 5-10.  Barnehagelærarutdanninga har ein nedgang i søkjartalet på 18 prosent. På landsbasis er auken i søkjartala til sosionom og barnevern på vel 1 %.

19ce66c190d313251ce4dbc7f6e669e22c50dc90

Frå studiestart i Volda.

Her vil flest bli barnehagelærarar

Les meir på barnehage.no

Del på