Pilotprosjektet Kompetanse Sunnmøre 2015

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

4fae99ca66d14c8b60cb01ef5b436abe
Karoline Strand og Thomas Hesselberg i Studenttinget i Volda har jobba lenge med førebuingane til arrangementet, og gler seg til å fylle opp kantina med studentar og foredragshaldarar den 18. mars.   

På lista over bidragsytarar står representantar frå både næringsliv, fylket, LO med fleire. Frå kl. 12.00 og utover vert det ei rekkje ulike foredrag i kantina på Berte Kanutte-huset. Studentbandet Among Colors skal også spele, og det vert spandert gratis lunsj.

─ Vi kan garantere ein dag med mange interessante foredrag, relevant for alle som skal ut i arbeidslivet dei komande åra. No håpar vi berre at studentane også finn dette interessant, og både har tid og lyst til å møte opp, seier Thomas Hesselberg, entreprenør- og næringslivskoordinator ved Studenttinget i Volda.

Med seg på laget har Studenttinget ei rekkje samarbeidspartnarar; Volda Næringsforum, Sunnmøre Kulturnæringshage, VRI Møre og Romsdal og Høgskulen sjølv. Saman tek dei sikte på å skape ein dag som kan verte utvida og utvikla vidare i mange år framover. Om det vil skje, er avhengig av interessa hjå studentane.

─ Dette er eit tilbod som før har mangla ved Høgskulen i Volda, og som vi veit at studentane vil ha stort utbytte av, så vi har stor tru på at prosjektet vert vidareført, avsluttar Thomas. 

Les meir om konferansen og programmet for dagen på Kompetanse Sunnmøre sitt Facebook-arrangement her. 

Del på