POSITIVT BUDSJETT FOR HØGSKULEN I VOLDA

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Ein del av auken til Høgskulen i Volda (HVO) frå 2013 til 2014 er kompensasjon for pris- og lønsjustering (9,1 mill kr). Noko skuldast teknisk overføring av midlar til Seanse (0,5 mill kr),

f63de263fdd3b955de9bcdeca62f56f2

– Det er positivt at Seanse som er eit senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda, har fått fast og auka løyving gjennom statsbudsjettet, seier høgskuledirektør Kjøde jr.

God gjennomstrøyming

– Realauken er på 2,7 % (7,6 mill kr). Det meste av realauken skriv seg frå resultatbasert løyving knytt til mengda av eksamenar som studentane våre gjennomfører (studiepoeng), og denne utgjer 5,1 mill kr., seier Kjøde jr.

Auken i grunnfinansieringa (strategisk løyving) utgjer 2,7 mill kr, av dette kjem 0,8 mill kr frå oppjustering av barnevernpedagogutdanninga, ein tilsvarande sum frå oppjustering av grunnskulelærarutdanninga, og 1,1 mill kr er opptrapping av nye studieplassar frå og med 2011.

Det er i statsbudsjettet for 2014 foreslått å opprette 60 nye stipendiatstillingar innan matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag og profesjonsfag. Høgskulen i Volda har ikkje fått tildelt midlar til nye stipendiatstillingar i 2014.

– Den resultatbaserte løyvinga knytt til forskingsaktivitet er redusert med 0,8 mill kr, noko som i hovudsak skuldast færre oppnådde publiseringspoeng i 2012 enn i 2011. Vi er likevel mellom dei beste høgskulane når det gjeld publiseringspoeng, avsluttar høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.

Del på