Psykisk helse angår alle

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

6bdfe71621d36e7541b4afd8afb93a49
Det var mange frammøtte til temadag for psykisk helse  i Store auditorium på Berte Kanutte-huset mandag 20. april. 

Ein av tre studentar slit psykisk, noko som er ein større del enn i resten av befolkninga. Å flytte til ein ny stad og starte studentlivet kan by på fleire utfordringar.
 

9bb22f91a4732ce310d84e53ae68c9d3
Psykolog og personaldirektør ved høgskulen Nina Cathrin Garshol. 

Kan ikkje styre kropp og kjensler 

Nina Cathrin Garshol, psykolog og personaldirektør ved Høgskulen i Volda understrekar at psykisk helse angår alle, og at den vil variere igjennom livet. For den psykiske helsa er det bra med obligatorisk undervisning slik at ein kjem seg ut å få treft folk. Når ein møtast fast er det også lettare å sjå om nokon slit. Vidare fortalte Garshol at ein kan styre tankar, men ikkje kroppslege reaksjonar og kjensler.

– Alle reaksjonar er normalt i gitte situasjonar, men det er når reaksjonen ikkje står i forhold til situasjonen det er eit problem.
 

6887164c8129a2f6f2e8d2655f5496fa
Tord Øverland fortel om eigne erfaringar.  

MÅ PRIORITERE SEG SJØLV

Tord Øverland, Leiar for Studentparlamentet ved Høgskulen i Oslo og Akershus snakka om eigne erfaringar med å oppleve krise, og å komme seg ut av den. Han var eit engasjert «ja-menneske» som brukte tida si på alt for mange verv ved sidan av studietida, og lett gløymde seg sjølv. Han lytta ikkje til kroppen sine signal og til slutt var det stopp. Hans oppfordring var at vi må tørre å snakke om psykisk helse.

– Eg måtte begynne å prioritere meg sjølv og det som var viktig for meg. Då forsvann verva ganske raskt. Takka vere god tilrettelegging på studiet klarte eg å fullføre på normert tid. Dei som hjalp meg spesielt var dei eg budde med. I staden for å spørje «korleis har du det eigentleg» spurte dei om eg ville gå tur og lage middag med dei, og lot meg også få vere for meg sjølv når eg hadde behov for det.
 

db3dd77f18f80d469c01ef4b54098091
Kristian Haugland frå Mental Helse snakkar om korleis ein kan hjelpe andre. 

ANERKJENNE PROBLEM

Kristian Haugland, styremedlem i Mental Helse fokuserte på at anerkjenning er viktig og snakkar om den anerkjennande samtalen som ein god måte å hjelpe dei som treng det.

– Den anerkjennande samtalen søkjer å gi stadfesting til den andre si oppleving ved at ein prøve å forstå den andre sine vanskelegheiter. Ein inngår som likeverdige samtalepartnarar der den som har problemet får definere det. Samtalen har plass for refleksjonar og alternative haldningar og synspunkt kan undersøkast. Ein skal få ei felles forståing av problemet, og etterspørje forslag før ein sjølv kjem med eine løysingsforslag.

Haugland seier at ein godt kan snakke med profesjonelle om ein har vener som treng hjelp.
 

NOKON Å SNAKKE MED?


Pressefoto

Auditoriet
Nina Cathrin Garshol
Tord Øverland
Kristian Haugland

Del på