Rådgjevarane viktige for framtida

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

70919e3491b1c51d5350218d2d22f5e97a339c89Regiondirektør i NHO Møre og Romsdal Torill Ytreberg

VI MÅ SJÅ BEHOVET I ARBEIDSLIVET

Regiondirektør i NHO Møre og Romsdal Torill Ytreberg fortalde at 70 % av bedriftene i fylket oppgjev at dei har utfordringar med rekruttering, og det er ein særskilt mangel på realfagskompetanse.

̶  På spørsmålet om ein kan tenke seg å bli forskar i naturvitskap, er det lågast prosent av unge i skandinaviske land som svarar ja. Dette seier noko om retninga til ungdommen i dag, sa Ytreberg. 

Bedriftene manglar fagarbeidarar, og det er takka vere utanlandsk arbeidskraft at Møre og Romsdal har framvekst. Det er også mangel på språk- og kulturkompetanse om nokon av Noreg sine største handelspartnarar. Tyskland er vår nest størst handelspartnar, men ungdom vel heller å lære spansk på skulen. Tysk er på vikande front, noko som kan få store konsekvensar for næringslivet. Ytreberg meinar at rådgjevarane har ei sentral rolle i å møte utfordringa.

 ̶  Det er viktig å sjå potensiale i elevane sine ferdigheiter, og gje råd i forhold til det. Draumar kan kanskje vere ein hobby. Det er for mykje Idol og Norske Talenter, og ikkje alle kan jobbe med det seinare, sa Ytreberg.

Skuleeigarane må på si side sjå på behovet i arbeidslivet og slik også fagsamansetninga i studieprogramma.

̶  Omstillingstakta i næringslivet går raskt, men utdanningstilbodet heng ikkje med. Skulen er næringslivet sin viktigaste leverandør, og det er der grunnlaget for Noregs framtidige verdiskaping og velferd blir skapt, sa Ytreberg.

 3ba0555653f1d820c94b7576883d27f9a7904a91
Rådgjevar på Romsdal vidaregåande skule Ståle Skårn og fylkesplansjef i Møre og Romsdal Ole Helge Haugen

MASKULINT NÆRINGSLIV

Flyttegevinsten frå utlandet er aukande, og dersom det ikkje hadde vore noko innvandring hadde der vore folkenedgang dei siste ti åra, sa fylkesplansjef i Møre og Romsdal Ole Helge Haugen. Det største flyttetapet er i aldersgruppa 18-30 år, og i aldersgruppa 20-34 år er det per 100 menn berre 90 kvinner.

̶  Vi har eit tradisjonelt, maskulint næringsliv. Kanskje vi må gjere noko med fylket sitt maskuline image for å trekke fleire kvinner hit. Det er ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, og vi treng at kvinner vel utradisjonelt. I dag finn vi dei fleste kvinner innan for det offentlege og helse- og omsorgssektoren. Menn finn ein innanfor industri, sa Haugen.

NAV si bedriftsundersøking for 2012 viser eit behov for arbeidskraft innanfor mellom anna helse og sosial, bygg og anlegg, og undervisning dei neste tolv månadane. Haugen poengterar at høgkulane leverer arbeidskraft til regionen, og at studiestad er avgjerande for seinare bustad. I Møre og Romsdal har ein av fire høgare utdanning, noko som er lågare enn landsgjennomsnittet fordi dei som tek lengst utdanning ikkje kjem tilbake.

MØT ELEVANE TIDLEG

Ståle Skårn delte erfaringar og utfordringar han har møtt som rådgjevar på Romsdal vidaregåande skule i seks månadar. Etter si lange jakt på rådgjevarstillinga kan han bekrefte at rådgjevarar sit lenge i jobbe sin, noko han tolkar som eit teikn på at dei likar rolla. Sjølv er han opptatt av å ta seg tid til å informere elevane om mogelegheitene dei har tidleg.

̶  Då eg spurde mine barn kva som var viktig i rolla som rådgjevar sa dei at eg måtte gå ut og møte elevane, ikkje sitte på kontoret og vente på at dei kom til meg, sa Skårn.

Dette er noko Skårn har tatt til seg, og prioriterer informasjonsrundar sjølv om han har mykje anna å gjere. Rådgjevarrolla handlar også om å sjå elevane, og han fortel om ein elev på Sal og Service som ikkje meistra oppgåvene. Då han snakka med eleven kom det fram at han eigentleg ville bli fiskar. Skårn tok då ein telefon til fiskerifagleg opplæringskontor som skaffa eleven lærlingplass på ein fiskebåt.

 ̶  Han var stålande fornøgd då han kom att i frå sjøen, sa Skårn. 

Rådgjevarseminaret blir arrangert kvar år, og er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Høgskolen i Ålesund og Høgskolen i Molde. 

Del på