Realistisk kriseøving med Norwegian

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

00e8488ced8dbed6ac0fb1903f30ec0f
Harald Stolt-Nielsen og Brage Berglund i arbeid.                                                Foto: Svein Wisnæs

– Det vart fort veldig intenst, seier tv-student Emilie Gjengedal Vatnøy.

Saman med seks andre tredjeårsstudentar frå journalistutdanninga danna ho redaksjon på Radisson Blu på Fornebu, berre eit steinkast frå Norwegian sitt hovudkvarter. 

Veldig realistisk

Midtpunktet for øvinga var eit Dreamliner-fly på veg frå New York til Bergen.  Utgangspunktet var at flyet forsvann frå flyradaren ved Island, noko som førte til at mange pårørande kontakta Norwegian på Facebook.  

– Det føltes veldig realistisk, fortel avisstudent Hanne-Sofie Fremstad.

I tillegg til gjengen på Fornebu, danna seks Volda-studentar redaksjon på Bergen Lufthamn, Flesland. Der vart det oppretta pårørandesenter, og studentane måtte snakke med markørar som spelte fortvila pårørande.

Høgt tempo

Studentane publiserte artiklar, bilde og videoar på ei lukka nettside, og hadde ei lang liste med personar som kunne ringast. Dei måtte fortløpande prioritere kva saker som skulle prioriterast og kva vinklingar som var mindre viktige.

– Vi måtte handtere mykje informasjon, og alt skjedde i eit raskare tempo enn i internpraksisen i Volda, seier avisstudent Nicolay Woldsdal.

d7b3ed7d877fd9383887ab7e8a496585
Redaksjonen med journaliststudentane på Fornebu.                                          Foto: Linda Eikrem

Norwegian heldt også pressekonferanse i løpet av kriseøvinga.

Høflege og profesjonelle

Det er ikkje første gong Norwegian ber om hjelp frå Volda. Tryggingssjef i Norwegian, Bjørn Tvete-Berger, rosa studentane på oppsummeringsmøtet, og sa at han var svært nøgd med innsatsen deira.

– Eg kjem heilt sikkert til å kontakte Volda også neste gong vi skal ha kriseøving, sa Tvete-Berger.

Også kommunikasjonssjefen i selskapet, Lasse Sandaker-Nielsen, var nøgd med studentane.

– De var høflege og profesjonelle og opptekne av å få korrekte sitat og fakta. Det er noko de må ta med vidare inn i arbeidet som journalistar, sa Sandaker-Nielsen.

I tillegg til Norwegian deltok også Bergen kommune, Avinor og politiet i Bergen, og det var rundt 100 personar som var med.

Del på