Reduserte lånetenester i biblioteket i veke 48

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

63142aa83b1592eb51b9733104ea0985

Alle universitets- og høgskulebibliotek skal i november ta i bruk det nye biblioteksystemet Alma. Systemet skal berre brukast av dei bibliotektilsette – andre tilsette og studentar skal bruke Oria som før.

I innføringsfasen vil det bli reduserte tenester på ein del område. På HVO vil det merkast slik:

  • Frå ca. 11. november: Det blir vanskeleg med bestilling av lån og artikkelkopiar frå andre bibliotek.
  • 24.–30. november: Utlånssystemet blir stengt. Bøker som står på hylla, kan lånast ut manuelt i skranken.
  • Søketenesta Oria kan vere ute av drift i periodar.

Utlånssystemet vil tidlegast vere oppe å gå 1. desember, og det kan ta litt tid før vi er tilbake i normal drift. Det er mykje som skal på plass med eit nytt system, så vi kan ikkje garantere at alt vil gå bra, men vi håpar at dette ikkje vil medføre store ulemper. Dei tilsette i biblioteket vil gjere sitt beste for at tilsette og studentar får tilgang til det dei treng.

Biblioteket oppmodar studentane om å vere tidleg ute med å låne og bestille bøker – helst før veke 48.

Del på