Regissøren av den nye Flåklypa-filmen kjem til Animation Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

19. til 22. september blir Animation Volda arrangert for sjuande gang av bc7cdb943694c0f46b60cdeee4c8765d9c61d7d1animasjonsstudentar ved Høgskulen i Volda. Hovudtema for festivalen er past, present and future – fortid, nåtid og framtid, noko som kjem av at Norsk animasjonshistorie fyllar 100 år i år. Og som alltid er det mykje spennande på programmet.

Gjestelista i år inneheld fleire kjende animatørar som skal holde foredrag. Blant dei er Rasmus A. Sivertsen som skal snakke om filmen Solan og Ludvig: Jul i Flåklypa. Han er regissør for den nye Flåklypa-filmen som har premiere på kino i november 2013.Sivertsen sitt tidligare arbeid inkluderer filmar som Solan, Ludvig og Gurin med reverompa og Kurt blir grusom.

Leiarane for festivalen, Mariell Revheim Fotland, Steven Midtgård og Mark Persson, er svært nøgd med at dei har klart å få Sivertsen til Volda.

─  Heilt sida vi såg dei fyrste klippa frå den nye filmen hans på Fredrikstad Animation Festival har vi hatt lyst å få han hit til Volda, fortel Steven Midtgård.

Vidare seier han at det er ekstra stas sidan Sivertsen er tidligare Volda-student. Sivertsen blei uteksaminert frå Høgskulen i Volda i 1995, og i likskap med dei tre festivalleiarane studerte også han animasjon.    

Anna på programmet

Animation Volda viser også 45 studentfilmar frå nordiske og baltiske land, der norske studentar har laga 19 av dei. Nokre av filmane er laga av tidligare studentar ved Høgskulen i Volda. På programmet til festivalen er det også fleire kveldsarrangement. Her vil ein DJ og ein VJ komme til Volda frå Frankrike og Bergen for å lage god stemning.

Festivalen blir heldt på Samfunnshuset, og eit festivalpass kostar 50 kr.

351b0d7b204d3a1113b36a810b27b05ee04d04d5 

For meir informasjon og program: http://www.animationvolda.com

Følg oss gjerne på Facebook!

 Tekst: Guro Stensvåg v/Animation Volda

Del på