Rekordlav strykprosent i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Berre NHH i Bergen har lavare strykprosent, med 2,8. Høgskulen i Volda hadde ein strykprosent på 3,3. Sjå tabellen nederst på sida.

Det er gjennomgåande at høgskular med mindre grupper studentar og spesialiserte fagområder får mindre stryk. Men strykprosenten har også klar samanheng med karakterane som studentane har frå vidaregåande skule.

Høgt karaktersnitt i Volda

– Vi har hatt ei jamn auke i søkjartalet på fleire viktige fagfelt, og ser også at karaktersnittet for fleire av utdanningane aukar. Lærarstudentane må ha minimum 3 i matematikk for å koma inn, men ei undersøking mellom dei studentane som var tekne opp til studiestart 2008 viser at gjennomsnittet for karakterane frå vidaregåande skule låg nærare 5, fortel studiekoordinator Johann Wangen ved grunnskulelærarutdanninga.

Søkjartal

Når fleire søkjer, blir kvaliteten på dei som kjem inn høgre. Høgskulen i Volda har hatt ein reell auke i søkjartalet i mange år, og dette er viktig for å halde eit høgt, fagleg nivå.

Studiekvalitet

I Høgskulen i Volda sin strategiplan for 2006-2010 er det nedfelt at HVO skal vere ein utviklingsorientert institusjon som i samarbeid og konkurranse med andre utdannings- og forskingsinstitusjonar driv utdanning, forsking, fagleg utviklingsarbeid og formidling med høg kvalitet.

– Vi har eit eige system for tilbakemeldingar frå studentar på ulike studium, samt ei grundig evaluering av desse, forklarar Ragne Ørstavik Sørheim.

Hovudmålet for kvalitetssystemet ved HVO er å bidra til ei kontinuerleg utvikling av studiekvaliteten. Eit godt utvikla kvalitetssystem skal medverke til at studentane gjennomfører studia på normert tid med tilfredsstillande resultat.
Kvalitetssystemet skal:

  • synleggjere god kvalitet og avdekkje sviktande kvalitet
  • utvikle gode rutinar og arbeidsmåtar
  • fremje ein kvalitetsmedviten kultur
  • gi informasjon til leiinga og styret som grunnlag for avgjerder om prioritering og ressursfordeling
  • imøtekome krava til kvalitetssystem frå styremakter og tilsynsorgan
  • avklare kven som har ansvar for kva når det gjeld utviklinga av god studiekvalitet



Sjå landsoversikta

fc02136fa4712a343bbf288406ad48899528d0a0

Del på